Kystvakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ei kystvakt er oftast ein statleg organisasjon som har til hovudoppgåve å hevde suverenitet i havområda til ein nasjon og å utøve politimakt i dei same havområda. Kystvakta har ei viktig tilleggoppgåve i å redde skipbrotne sjømenn og hjelpe folk på havet. Dei fleste kystvakter opererer med skip og båtar, og ofte luftfartøy som Helikopter, patruljefly og sjøfly i tillegg.

Ei kystvakt kan vere del av militærvesenet i ein stat, som den norske Kystvakta (som er ei avdeling i Sjøforsvaret) og den amerikanske kystvakta (som er ei eiga forsvarsgrein). Kystvakta kan òg vere ein sivil etat, som den svenske (Kustbevakningen) og det danske (Farvandsvæsenet). Private organisasjonar kan og ha oppgåver som vanlegvis ligg til staten. Eit døme på dette er Australia. På denne måten kan også Redningsselskapet òg reknast for å vere ei kystvakt eller ein del av kystvakta.