Léonce Élie de Beaumont

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elie de beaumont.jpg

Jean-Baptiste Armand Louis Léonce Élie de Beaumont (25. september 179821. september 1874) var ein fransk geolog. Han er kjend for den første geologiske kartlegginga av Frankrike og for ein teori om fjellkjededanning.

Élie de Beaumont foretok i 1821, på oppdrag frå regjeringa, ei vitskapleg reise til England, hovudsakleg for å studere dei geologiske tilhøva. Etter han kom attende byrja han som ingeniør i École nationale supérieure des mines de Paris og vart så utnemnd som ingénieur en chef. I 1829 vart han professor i geologi ved École des mines og 1832 professor ved Collège de France samt 1835 medlem av Académie des sciences, deär han 1853 vart vald til permanent sekretær.

Han er mest kjend for å i lag med Armand Dufrénoy utarbeide geologiske kart over Frankrike i skalaen 1:500 000, som vart gjeven ut i seks artiklar frå 1840 til 1842, samt tilhøyrande tekst: Explication de la carte géologique de la France (1841-48). Begge to fekk Wollastonmedaljen for dette verket i 1843.

Han fekk stor merksemd, men ikkje så mange tilhengjarar med Élie de Beaumonts Notice sur le systéme des montagnes (1849-52), der han deler inn fjellkjedene i visse system, etter hovudretninga deira, og framstiller teorien om at alle fjellkjeder med same retning vart løfta opp under same tidperiode, og oppløftinga hadde samanheng med avkjølinga av jorda. Av andre arbeid han skreiv finst Leçons de géologie pratique (tre volum, 1845). I 1867 fekk han oppdraget om å leie arbeidet for å opprette eit nytt, meir detaljert kart (i større skala) over Frankrike.

Han var medlem av Det franske vitskapsakademiet og vart permanent sekretær etter François Arago døydde i 1853. Han vart til og med medlem av Det prøyssiske vitskapsakademiet og utanlandsk medlem av Royal Society. I 1848 vart han utanlandsk medlem av Kungliga Vetenskapsakademien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Léonce Élie de Beaumont