Lítla Dímun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Foto av Lítla Dímun

Lítla Dímun (uttale på færøysk ['luitla 'duimun], dansk Lille Dimon) er den minste av dei 18 øyane som utgjer Færøyane. Øya har ikkje fast busetnad.

  • Flatevidd: 0,8 km²
  • Innbyggjarar: 0
  • Fjell: Rávan, 414 m

Lítla Dímun høyrer historisk og geografisk saman med naboøya Stóra Dímun. Adminstrativt høyrer øya til kommunen HvalbaSuðuroy.

Namnet Dímun kjem truleg frå eit keltisk språk. Tydinga var to haugar, med tanke på dei to Dimun- øyane.

Lítla Dímun har truleg aldri vore fast busett av menneske. På øya finn ein mange lundefuglar og sauar. Sauehaldet er omtala alt i Færingesogene.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lítla Dímun