Løvenes konge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Løvenes konge (originaltittel: The Lion King) er ein amerikansk teiknefilm frå 1994, produsert av Walt Disney Feature Animation og gjeven ut av Walt Disney Pictures. Filmen er Disney sin 32. klassikar.

Filmen handlar om ein ung løveunge i Afrika kalla Simba, som finn ut om plassen sin i «livets sirkel», mens han kjempar seg gjennom ulike hindringar for å bli den rettkomne kongen.

Løvenes konge er ein musikalsk film, med songer av komponisten Elton John og songtekstforfattaren Tim Rice, og filmmusikk av Hans Zimmer.

Disney produserte seinare to relaterte filmar: Ein oppfølgjar, Løvenes konge 2 – Simbas stolthet og ein halvforløpar, Løvenes konge 3 – Hakuna Matata.

Spire Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.