Lýkeo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lýkeo (gresk Λύκαιο), òg kalla Diaforti, er eit fjell i Arkadía i Hellas som var heilaga for Zevs Lykaeos, som skal ha vorte fødd og oppvokst på fjellet, og det skal ha vore heimstad for Pelasgos og son hans Lykaon, som skal ha grunnlagd ritualet for Zevs som vart utført på fjelltoppen. Det ser ut til at ritualet invovlerte menneskeofring og ein fest der personen som fekk ein bit av menneskeofferet vart omvandla til ein ulv, som Lykaon skal ha vore etter at han ofra eit born. Alteret til Zevs bestod av ein stor oskehaug med veggar rundt. Det vart sagt at veggane ikkje kasta skugge og at dei som gjekk innanfor veggane døydde innan eitt år.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]