Ulv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulv

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: CR Kritisk truga[1]

Ulv i snø Foto: Bernard Landgraf, 2005
Ulv i snø
Foto: Bernard Landgraf, 2005

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Carnivora
Familie: Canidæ
Slekt: Canis
Art: C. lupus
Ulv, varg, gråbein, skrubb
Namn på andre språk
Norrønt Ulfr, vargr
Nordsamisk Gumpe
Svensk Varg, ulv
Dansk Ulv
Engelsk Wolf
Tysk Wolf
Fransk Loup
Spansk Lobo
Russisk Volk (Волк)

Ulv (Canis lupus) er eit rovdyr frå hundefamilien som jagar i flokk. Ulven var tidlegare vanleg i store delar av verda, men i dag finst han berre i enkelte område i Nord-Amerika, Europa, Asia og Midtausten. Ulven var tidlegare vanleg i Noreg òg, men er nå blitt ein svært truga art i landet. Vår heimlege ulveart blir kalla gråulv for å skilja han frå andre ulvetypar, som raudulv, prærieulv og etiopisk ulv. I tillegg har han gått under andre namn, som varg og gråbein.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Ulvar blir vanlegvis rundt 1 meter høge og éin til éin og ein halv meter lange. Halen er rundt ein tredjedel av heile lengda. Dei kan vega mellom 23 og 60 kg, hannane er større enn tispene.

Pelsfargen er vanlegvis grå eller gråbrun, men dyra kan òg ha andre vanlege hundefargar, som raudleg, brun, svart og kvit, det siste særleg i område der snø er vanleg. Svært gamle ulvar grånar i fargen. Dei har sjeldan mønster i pelsen, bortsett frå rundt auga.

Tamme hundar stammar frå ulvar, og sjølv om dyra skil seg frå kvarandre i lynne og utsjånad, er dei framleis same art. Ulven skil seg likevel anatomisk frå hunden på nokre område: Han har ein duftkjertel på oversida av halen som hundane manglar, han har alltid gylne auge, føtene er lengre med større labbar og kjeven er skarpare i forma.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Jaktande ulvar.

Ulvar lever i flokkar med eit strengt sosialt hierarki. Dei blir styrte av éin dominerande ulv av kvart kjønn, ofte eit par, men ikkje alltid. Dei dominerande ulvane et først av eit nedlagt bytte og kan formeira seg. Dei andre ulvane et etterpå og kan sjeldan få kvelpar som veks seg store.

Yngre ulvar forlet gjerne flokken og vandrar rundt åleine til dei finn ein ny flokk. I villmarka er vanleg levealder 6–9 år, men ulvar i fangenskap kan nå ein alder på 16 år.

Ulv og menneske[endre | endre wikiteksten]

Ulvetispa Luna Capitolina blei sett på som ei slags stammor for Romarriket.

Menneske har lenge sett på ulvar med ærefrykt. Ein har oppfatta dyra som trugande beist, slik som til dømes Fenrisulven i norrøn gudetru. Omskrivingar som varg og gråbein blei brukte for å sleppa å omtala ulven ved namn. Samstundes har menneska ønskt å ta i bruk styrken til dyra ved å bruka dei i namn, som Ulf, eller namn med ulv som element. Jentenamnet Ylva kjem óg frå dette dyret.

Dyra har hatt rolla som fosterforeldre i myten om Remus og Romulus og i den nyare Jungelboka. Ein ulv er også dyktig hjelpar i teikneserien Fantomet.

Menneske og ulvar har og vore konkurrentar om dei same byttedyra. Medan dei to artane slo seg saman i eit fruktbart samarbeid i form av hunden, har menneske alltid ført krig mot ulvar som tok husdyra deira.

Med det industrialiserte samfunnet er mange av leveområda til ulvane blitt øydelagde og mange av dei viktigaste byttedyra forsvunne, samstundes som ein har drive effektiv ulvejakt. På grunn av dette er ulven utrydda eller svært truga i mange område. Ein del ser framleis på ulven som trugsmål mot seg sjølv og næringsgrunnlaget sitt, og ønskjer å avgrensa arten vidare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ulv