La Chaux-de-Fonds
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
La Chaux-de-Fonds er ein by i distriktet La Chaux-de-Fonds i kantonen Neuchâtel i det franskspråklege Sveits. Han ligg i Jurafjella nokre kilometer sør for grensa til Frankrike. Etter Genève og Lausanne er han den tredje største byen i den fransktalande delen av Sveits med 37 523 innbyggjarar (desember 2010).[1].
Byen, som vart grunnlagd i 1656, er særleg kjend for produksjonen av ur og klokker. Kjente klokkeprodusentar som TAG Heuer, Breitling, Invicta, Corum og Movado har tilhald i byen. Klokkemerke som Omega og Rolex har også sitt opphav i La Chaux-de-Fonds.
Kommunen er hovudstad i distriktet med same namn.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «La Chaux-de-Fonds» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Canton of Neuchatel Statistics, République et canton de Neuchâtel - Recensement annuel de la population (tysk)
Bakgrunnsstoff[endre]
- Offisiell nettstad
- Chaux-de-Fonds / Le Locle: biletgalleri
- La Chaux-de-Fonds på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historical Dictionary of Switzerland.
- Internasjonal urmakarmuseum