La Paz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
La Paz
Utsikt over sentrale La Paz.
Utsikt over sentrale La Paz.
Styresmakter
Land Bolivia
Grunnlagd 1548
Borgarmeister Luis Antonio Revilla Herrero
Geografi
Flatevidd
 - By

472 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik

877,363
  6,275.16/km²
Koordinatar 16°30′″S 68°09′″WKoordinatar: 16°30′″S 68°09′″W
Høgd over havet 3640 m
Tidssone UTC -4 (UTC4)
Diverse anna
Nettstad: www.lapaz.bo

La Paz er den administrative hovudstaden i Bolivia og regionshovudstaden i La Paz-departementet. Byen har om lag 800.000 innbyggjarar i bysentrum (2008). Han ligg 3 600 moh., i ein dal ved Altiplano, og har saman med byen El Alto oppe på platået over 1,6 millionar innbyggjarar.

Byen blei grunnlagd i 1548 av Alonso de Mendoza på ei innfødd busetjing som heitte Chuquiago. Han fekk namnet Nuestra Señora de La Paz, «Vår Frue av Freda», for å minnast freda etter eit opprør leia av Gonzalo Pizarro mot den første visekongen av Peru, Blasco Núñez Vela. I 1825, då dei peruanske republikanarane vann ein avgjerande siger over spanske styrker ved Ayacucho, fekk byen det fulle namnet La Paz de Ayacucho.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg ved elva Chokeyapu i ein ca 400 meter djup elvedal, canyon, som skjærer ned frå kringliggjande høglandet Altiplano. Like ved, på høgda vest for La Paz finn ein satellittbyen El Alto, der ligg òg flyplassen La Paz El Alto på 4 058 moh. Totalt er det ei skilnad i høgd på ca 1 000 meter frå El Alto ned til bydelane lengst sør i dalen. Det finst ein klar samanheng mellom geografi og sosial status for dei ulike bustadstrøk i La Paz; jo lågare bustaden ligg, jo mindre fattigdom og høgare status. I dei lågaste områda er det i gjennomsnitt ca 6 grader varmare enn opp på platået, høgdsjuke er òg eit mindre problem nede på 3 000 moh.

Fjellet Illimani (6 462 m) med tre toppar dominerer horisonten. Med fantasi kan ein sjå bilete i fjellsida av ein mann, ei kvinne, eit barn og ein lama.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: La Paz