Labb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Foten til ein hund.

Labb er den delen av foten pattedyr som ikkje er hovdyr trakkar ned på. Både tågjengarar og solegjengarar har labbar.

Labbane hos dyr har som regel tær, som kan vere utstyrt med klør. Hos nokre kattedyr kan klørne trekkast inn i eit hylster som vernar dei når dei ikkje er i bruk.

Labbane på tågjengarar sit eit stykke nedanfor hælen (bakbein) eller olbogen (frambein). Dei er ustyrt med støytdempande tråputer på undersida. Desse putene vert kalla «potar». Døme på tågjengarar er kattedyr og hundedyr.

Solegjengarane trakkar ned på heile foten, frå hæl til tåspiss, og tråputa vert kalla ein «fotsole». Døme på solegjengarar er bjørnar og halvbjørnar. Primatar er også solegjengarar, men dei har føter i staden for labbar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.