Laberget i Hyllestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laberget
stad
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Hyllestad
Postnummer 6958 SØRBØVÅG[1]
Gardnummer 1[2][3]

Laberget, tidlegare skrive Ladberget og Ladeberg, er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 1.[2][3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Laberget ligg lengst vest på nordsida av Skifjorden og grensar i nord til gardar i Fjaler kommune og i aust til Varlia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden vart skilt ut frå Varlia i 1796. Husmannsplassen Labergsbotnen vart fråflytt kring 1900.[3] I 1890-åra vart det bygd kai på Laberget og det vart også drive sildesalting og handel der.[3]

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet tyder eit berg der det vert lasta om eller ein utskipingsstad, og kjem av at Laberget ofte var einaste isfrie hamna i Skifjorden på vintrane, og gardane innover nordsida av fjorden nytta Laberget til utskiping.[3]

Namnet er også brukt mange andre stader i landet.

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Laberget» i 2003 og avviste samstundes «Ladberget».[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten».  Vitja 20. november 2010
  2. 2,0 2,1 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv».  Vitja 20. november 2010
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Inger Kellmer (1990). «Laberget : Gnr. 1». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 15. ISBN 8299219817. 
  4. «yr.no».  Vitja 20. november 2010

Vidare lesnad[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]