Lake Hazen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete med Lake Hazen nede til venstre

Lake Hazen er ein innsjø nord på Ellesmereøya i Nunavut i Canada. Han er den tredje største innsjøen på kloten nord for polarsirkelen, etter Tajmyr i Russland og Enaresjøen i Finland.

Lake Hazen er 70 km lang og opp til 11 km brei, og dekker ei flatevidd på 542 km2. Han ligg på i kring 81° 40' nord og 69° til 73° vest. Innsjøen ligg 158 meter over havet, og er på det djupaste 289 m. Fleire øyar ligg i innsjøen, den største er 7 km lang og knapt kilometeren brei. Innsjøen er islagd om lag ti månader i året. Den arktiske cordilleraen reiser seg over innsjøen. Han får tilsig frå isbrear i det kringliggande Eureka Uplands nord for innsjøen, med opp til 2 500 høge toppar. Innsjøen renn ut i den 15 km lange elva Ruggles River som munnar ut i Chandler Fjord på nordaustkysten av Ellesmereøya. Lake Hazen er innlemma i Quttinirpaaq National Park.

Leivningar etter Thulekulturen har vorte oppdaga nær Lake Hazen.

Augustus Greely oppdaga innsjøen på sin 1881-83-ekspedisjon.