Enaresjøen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Enaresjøen | |
|---|---|
| Fleire namn | finsk Inarijärvi, nordsamisk Anárjávri, enaresamisk Aanaarjävri, svensk Enare träsk |
| Stad | Lappland |
| Koordinatar | |
| Utsig | Pasvikelva |
| Tilknytte land | Finland |
| Største lengde | 80 km |
| Største breidde | 50 km |
| Overflateareal | 1 040 km² |
| Middeldjupne | 15 m |
| Største djupne | 92 m |
| Vassvolum | 15,9 km³ |
| Kystlengd1 | 3 308 km |
| Høgd over havet | 117-119 m |
| Øyar | 3 318 (Hautuumaasaari, Ukonkivi) |
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |
Enaresjøen er den tredje største innsjøen i Finland, og den sjette største i Europa. Han ligg i den nordlege delen av Lappland, nord for Polarsirkelen. Innsjøen ligg 117-119 meter over havnivå, og vert regulert av kraftverket Kaitakoski i Russland. Innsjøen er vanlegvis islagd frå november til tidleg i juni.
Dei mest kjende øyane i innsjøen er Hautuumaasaari (Kyrkjegardøya) og Ukonkivi, ein historisk offerstad for folk i tidlegare tider. Det er over 3 000 øyar i innsjøen. Av fisk finn ein aure, laks, åbor og gjedde.
Enaresjøen dekkjer eit areal på 1 040 kvadratkilometer. Han har utsig i nord ved elva Pasvikelva, som munnar ut i Varangerfjorden og Barentshavet.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lake Inari frå Engelsk Wikipedia .