Ellesmereøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ellesmereøyas plassering i Canada
Satelliittbilete av Ellesmereøya
Landskap på Ellesmereøya

Ellesmereøya er den største av Elisabetøyane i Nunavut-territoriet i Canada. Ho er med eit flateinnhald på 196.235 km² den tiande største øya på Jorda. Ellesmereøya er i aust skilt frå Nord-Grønland av den 30 km breie Kennedykanalen. I vest ligg Axel Heibergs land.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Om kring 80.000 km² av Ellesmereøya er dekt av isbrear. Øya er oppskoren av mange fjordar. Nordlegaste punktet på øya, Kapp Columbia på 83° 06' nordleg breidd, er det nordlegaste punkt i Canada. Den arktiske cordilleraen dekker storparten av Ellesmereøya, som dermed er den mest fjellrike øya i arkipelet. Barbeau Peak er med sine 2616 m det høgste fjellet både på øya og i heile Nunavut-territoriet. Nord på øya ligg Lake Hazen, den største innsjøen i Nord-Amerika nord for polarsirkelen.

Landskapet består av naken tundra med ein vegetasjon av lav, mose og andre arktiske planter. Årsnedbøren er om lag 60 mm, årleg snittemperatur minus 12 grader. Moskusokse, karibu, polarrev, ulv, polarhare og lemen er alle del av faunaen. Dessutan ulike fugleartar.

Mest ein femdel av øya er lagt inn under Quttinirpaaq nasjonalpark. Han ligg nordvest på Ellesmereøya, og både Barbeau Peak og Lake Hazen ligg i nasjonalparken.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ellesmereøya vart kolonisert for ei 4000 år sidan, av forfedrar til inuittane. I dag finst tre stader med nokolunde fast busetnad. I 2006 hadde inuitbygda Grise Fiord 141 innbyggarar, medan fem personar budde på militærstasjonen Alert og ingen på verstasjonen Eureka. Alert på 82° 30' nordleg breidd er den nordlegaste busette staden på jordkloten.

Vikingar frå grønlandske koloniar vitja øya i mellomalderen på jakt- og handelsferder. Dei hadde kontakt med inuittar som budde i områda kring Smithsundet. Ellesmereøya var truleg utan fast busetnad under den såkalla vesle istida.

I 1616 vart øya nyoppdaga av William Baffin. Ho vart namnsett i 1852 av Inglefield-ekspedisjonen, etter ein britisk jarl (Ellesmere).

Den andre Fram-ekspedisjonen, leia av Otto Sverdrup, utforska mellom anna Stenkul Fiord i 1902. Geologen Per Schei sanka der vulkansk stein som var med å klarlegge polarområdas fortid.

I sedimentære bergartar vart det på Ellesmereøya i 2006 avdekt fossil av Tiktaalik roseae (ein kjøtfinnefisk). Desse kan utgjere eit mogleg bindeledd i evolusjonen frå fisk til meir eller mindre landbaserte livsformer.