Lancaster i Lancashire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lancaster

Lancaster frå Lancaster Castle
Lancaster frå Lancaster Castle
Plassering
Lancaster i Lancashire is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Lancashire
Distrikt Lancaster
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

45 952
Koordinatar 54°3′″N 2°48′″WKoordinatar: 54°3′″N 2°48′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer LA1
Telefon-retningsnummer 0 1524
Nettstad: www.lancaster.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lancaster i Lancashire

Lancaster er ein by og det administrative senteret i grevskapet Lancashire i England. Han har kring 46 000 innbyggjarar og ligg ved elva Lune. Lancaster er ein busetnad i den større City of Lancaster, som totalt har kring 135 000 innbyggjarar og omfattar fleire andre byar, som Morecambe.

Lancaster har lenge vore eit senter for handel, kultur og utdanning og har gjeve namn til grevskapet det ligg i. Lancaster har fleire unike band til det britiske monarkiet. Huset Lancaster var ei grein av den engelske kongefamilien, medan hertugdømet Lancaster har store eigedomar på vegner av Elizabeth II, som sjølv er hertug av Lancaster. Lancaster har status som city sidan 1937 for den «langvarige tilknytinga til krona» og fordi han var «grevskapsbyen i hertugdømet til kongen»«.

Med ei historie basert på hamna og kanalen ved byen, er Lancaster ein gammal busetnad, dominert av Lancaster Castle. Her ligg òg Lancaster universitet og eit område av University of Cumbria.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]