Lancashire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lancashire
Geografi
Status Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap
OpphavHistorisk
Region Nordvest-England
Areal 3 079 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

1 451 700
471,5 /km²
Etnisitet 91,8 % kvite
6,0% sørasiatiske
Distrikt
  1. West Lancashire
  2. Chorley
  3. South Ribble
  4. Fylde
  5. Preston
  6. Wyre
  7. Lancaster
  8. Ribble Valley
  9. Pendle
  10. Burnley
  11. Rossendale
  12. Hyndburn
  13. Blackpool (sameint)
  14. Blackburn with Darwen (sameint)

Lancashire er eit ikkje-metropolitansk grevskap i Nordvest-England. Det har fått namn frå byen Lancaster og vert stundom kalla County of Lancaster.[1] Lancashire grevskapsråd held til i Preston. Lancaster vert likevel rekna som administrasjonsby. Lancashire vert stundom forkorta Lancs, opphavleg nytta av Royal Mail. Grevskapet har kring 1,5 millionar innbyggjarar og desse vert kalla lancastrians.

Lancashire vart grunnlagd på 1100-talet. I Domesday Book (1086) vert landområda her omtalte som ein del av Yorkshire. Området mellom elvane Mersey og Ribble var ein del av Cheshire. Då dei opphavlege grensene vart fastsett, grensa Lancashire til Cumberland, Westmorland, Yorkshire og Cheshire.

Lancashire steig fram under den industrielle revolusjonen som ein stor kommersiell og industriell region. Grevskapet bestod av fleire hundre møllebyar og bergverk. I 1830-åra vart om lag 85 % av all bomull i verda handsama i Lancashire.[2] Accrington, Blackburn, Chorley, Darwen og Burnley var store bomullsspinneri-byar på denne tida. Blackpool var eit stort turistsenter for innbyggjarane i møllebyane i Lancashire, særleg under ferietida wakes week.

Grensene vart endra ein god del under reforma i 1974,[3]Liverpool og Manchester og områda rundt vart omgjort til dei metropolitanske grevskapa Merseyside og Stor-Manchester.[4] På demme toda vart Furnesshalvøya ein del av Cumbria. I dag grensar grevskapet til Cumbria, Stor-Manchester, Merseyside og North og West Yorkshire. Hertugdømet Lancaster utøver retten til Krona i området kalla pfalzgrevskapet Lancaster.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vision of Britain – Lancashire
  2. Gibb, Robert (2005). Greater Manchester: A panorama of people and places in Manchester and its surrounding towns. Myriad. s. 13. ISBN 1-904736-86-6. 
  3. George, D., Lancashire, (1991)
  4. Local Government Act 1972. 1972, c. 70


Koordinatar: 53°48′ N 2°36′ W