Landskrona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 55°52′00″N 12°50′00″E

Gamle vasstårn i Landskrona

Landskrona er ein svensk by og centralort i Landskrona kommun i Skåne län i landskapet Skåne. I 2005 hadde byen 28 670 innbyggjarar.

Om Landskrona[endre | endre wikiteksten]

Citadellet i Landskrona
Kvarter i Landskrona
Sankt Olofs sjö og det gamle vasstårnet
Trolleybusser har køyrt reisande mellom Landskrona sentrum og jernbanestasjonen sidan 2003
Naturreservatet Hilleshögs dalar.

Landskrona fekk bystatus i 1413 av Erik av Pommern, og ved freden i Roskilde 1658 blei byen svensk. Ein av hovudattraksjonane i byen Landskrona slott, bygd av den dansk-norske kongen Christian III. Det er ferjesamband til øya Hven, der astronomen Tycho Brahe heldt til. Bror hans Jørgen Ottesen Brahe var lensmann på Landscrone slot 1588-91, og hadde der besøk av broren i dei nyoppførte bygningane innanfor slottsmurane.

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Kunsthallen i byen blei bygd i i 1963 til 550-års jubileet til byen som ein utstillingshall for industrielt design. Han er teikna av arkitekt Sten Samuelsson, og er den einaste bygningen som blei ståande i slottsparken etter at jubileet var over. Kaptensgårdens skulpturpark, som ligg kring kunsthallen, er ein permanent skulpturpark. Byen er kjend for dei mange vakre kolonihagane sine.

Idrettshallen i Landskrona, med sine 1100 sitteplassar, blei teikna av den danske arkitekt Arne Jacobsen og innvigd i 1965. Fotballaget Landskrona BoIS kjem frå Landskrona.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Landskrona