Erik av Pommern
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik av Pommern (fødd ca 1382–død 1459[1]) var norsk, dansk og svensk konge. Som konge av Noreg vert han kalla Eirik III og regjerte frå 1389 til 1442.
Erik var son av hertug Vartislav VII av Pommern og Maria av Mecklenburg, systerdotterson til dronning Margrete Valdemarsdotter.[1] Han gifta seg med Filippa av England, dotter av Henrik IV av England, i Lund i 1406.[1]
Han var konge av Danmark som Erik VII og av Sverige som Erik XIII frå 1396 til 1439. Den 17. juni 1397 vart Kalmarunionen inngått. Sjølv om Erik formelt var konge, var det i stort mon dronning Margrete Valdemarsdotter, som styrde. Først då Margrete døydde i 1412, vart Erik regent i røynda. Erik heldt fram dei reformene som Valdemar Atterdag og Margrete hadde byrja med.
[endre] Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Erik af Pommern ca. 1382-1459 frå Danmarkshistorien / Aarhus Universitet