Lars Jacobsen Hætta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lars Jacobsen Hætta (5. januar 183417. februar 1896) var norsk reindriftssame frå Kautokeino. Han deltok i Kautokeino-opprøret i 1852.

I februar 1852 vart han dømd til fem dagars fengsel på vatn og brød då han i lag med 21 andre samar vart dømd for å ha forhindra gudstenesta i Skjervøy kyrkje 6. og 7. juni 1851.

I 1852 slutta han seg til ein storsiida i lag med søskena sine. Siidaen var dominert av ei ytterleggåande religiøs gruppering. Han deltok då folket frå siidaen 8. november 1852 under leiing av bror hans, Aslak Jacobsen Hætta, gjekk til angrep på huset til brennvinshandlaren i Kautokeino og drap både denne og lensmannen.

14. februar 1854 vart Lars Hætta i høgsterett, likt fire andre opprørarar, dømd til døden for si deltaking i opprøret. Straffa vart seinare omgjort til livsvarig straffarbeid på grunn av den unge alderen hans. I fengselet kom han i kontakt med professor Jens Andreas Friis som i Lars Hætta fann ein svært verdifull medarbeidar i arbeidet med å omsetje religiøse skrift til samisk. Friis engasjerte seg etterkvart for å få han frigitt. Lars Hætta fekk nåde og slapp ut etter 13 år, i 1867. Etter fengselstraffa vart han tilsett som lærar i Kautokeino. Sidan vart han òg kyrkjetolk.

Han fekk æresoppreising i 1884 «for senere fortjenester». Lars Jacobsen Hætta var sentral i arbeidet med omsetjinga av Bibelen til nordsamisk i lag med J.A. Friis, eit arbeid som tok til då han sett i fengsel på Akershus, men som heldt fram etter at han slapp ut av fengselet. Den samiske Bibelen kom ut i 1895, og er framleis den einaste komplette bibelutgåva på samisk. Hætta dikta òg salmar på samisk. Tre strofer frå ein av desse, «De Genesaret jávregáttis», er omsett til norsk bokmål og står i Norsk salmebok 2013 på nr. 598: «Gud, la din Ånd ved guddomsordet». To strofer av ein annan står på nordsamisk og norsk som nr. 652: «O Ipmil, buressivdnit dál dán bára»/«Å Gud, velsigna desse to». I lag med Friis gav han ut fleire salmesamlingar og salmeboka Salbmagirja (Kristiania 1870).

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!