Kautokeino-opprøret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kautokeino rundt 1800. Utsnitt frå ei gravering av A.F. Skjöldebrand.

Ved Kautokeino-opprøret i 1852 gjekk ei gruppe samar til åtak på representantar for det norske samfunnet. Opprørarane drap handelsmannen og lensmannen i Kautokeino, sette fyr på huset til handelsmannen og piska soknepresten og huslyden hos presten og handelsmannen.

Opprørarane vart overmanna av andre samar. To av opprørarane vart drepne i denne kampen. Sidan vart to av leiarane deira avretta ved halshogging. Opprøret er historisk eineståande; konflikt mellom samiske interesser og det norske storsamfunnet har elles ikkje ført til valdeleg konflikt med tap av menneskeliv. Etter opprøret følgde ein periode med sterkare fornorsking av det samiske folket i Noreg.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kautokeino-opprøret dreidde seg mellom anna om brennevinshandel og kristentru.

Opprøret er utypisk for samisk kultur, og det er vanskeleg å forstå eller forklare bakgrunnen for opprøret. Men opprøret må ha hatt samanheng med fleire forhold:

Samstundes fekk læstadianarane bukt på alkoholmisbruket, som hadde ført med seg mykje sosial naud.

Blant somme av dei «omvende» førte omvendinga til religiøs fanatisme, slik at dei avbraut gudstenesta og opptredde trugande mot dei «uomvende». Sommaren 1851 avbraut ei gruppe konfirmasjonsgudstenesta i Skjervøy. Etter denne uroa vart 22 kvinner og menn dømde til bøter eller fengsel. Leiarane for opprørsgruppa vart dømde til lange straffar: Rasmus Rasmussen Spein fekk 2 års straffarbeid, Ellen Aslaksdtr. Skum fekk 1 ½ år straffearbeid og Mathis Jakobsen Hætta fekk 8 månaders straffearbeid.

Opprørarane kan ha møtt ei viss forståing blant andre samar, men dei møtte lite forståing blant prestane. Ved eit døme vart møtelyden så gripen av andeleg ekstase at sokneprest Stockfleth slo om seg med stokk og hender for å få folk til sans og samling. Sidan hadde han jamnlege samtalar med «de aandelige», men prestane tukta dei opprørske ved at dei som gav uttrykk for avvikande tru vart nekta tilgang til nattverden.

Slaget i Kautokeino[endre | endre wikiteksten]

Presten Fredrik Waldemar Hvoslef vart teken til fange og piska med bjørkeris under opprøret.

I 1852 hadde ei gruppe av dei dømde samane samla seg i ein siida i lag med familiane til dei som enno sat fengsla. Søndag 7. november 1852 braut dei opp frå teltleiren og fór mot Kautokeino. I alt var det 35 vaksne og 22 barn i opprørsgruppa. Ved midnatt stoppa dei i Mortaš, to timars køyring frå Kautokeino, for å kvile. Samstundes forsøkte dei å tvinge Mortaš-folket til å slutte seg til opprørsgruppa.

Neste morgon kom opprørarane til Kautokeino. Først gjekk dei til angrep på handelsmannen Carl Johan Ruth, brennevinshandlaren. Då lensmann Lars Johan Bucht kom til unnsetning, gjekk ei gruppe til angrep på han. Begge desse vart drepne i kampane. Huset til handelsmannen vart sett i brann. Huslyden hans vart samla i prestegarden. Her vart sokneprest Hvoslef og folket hans òg haldne fanga. Fangane vart piska med bjørkeris, og berre prestekona, som var høggravid, og fru Ruth vart spart.

I mellomtida hadde ei gruppe samar komme seg unna og over til Avžži, ei mil aust for Kautokeino. Her organiserte dei ei gruppe som under leiing av kyrkjesongar og skolelærar Clemet Gundersen greidde å slå ned opprøret og tok opprørarane til fange. Ein av opprørarane, Marit Rasmusdatter Spein, vart drepen i denne kampen. Ein annan, Ole Aslaksen Somby, døydde av skadar han vart påført av dei som stod for fangetransporten frå Kautokeino til Alta.

Dommen[endre | endre wikiteksten]

Nokre av opprørarane enda opp i tukthus, i Trondheim og Akerhus festning, vist på bildet.
Foto: Mahlum

14. februar 1854 dømde høgsterett fem av opprørarane til døden, åtte til livsvarig straffarbeid, elleve til straffarbeid mellom eitt og tolv år og fire til kortare fengselsstraffer. Fire av dei tiltalte vart frifunne. Blant dei dømde var 17 kvinner og 11 menn.

Dei dødsdømde var

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Opprøret sjokkerte både samar og norske styresmakter. Biskop Juell la det moralske ansvaret for opprøret på Lars Levi Læstadius. Læstadius kjente seg djupt krenkt av desse skuldingane, og etter ei offentleg gransking konkluderte kong Oscar I med at Læstadius ikkje kunne haldast juridisk eller moralsk ansvarleg for den farlege retninga den religiøse rørsla hadde teke i Kautokeino.

«Du moraš / Jákhos Ásllat
bázii árbin / maŋisbohttiide»
«Din sorg / Aslak Jacobsen Hætta
ble igjen som arv / til dine ætlinger»
Risten Sokki Frå Bonán bonán soga suonaid (1996)

Opprøret lamslo samisk opposisjon mot norske styresmakter. Dommen mot opprørarane markerte starten på ein periode med sterkare fornorsking av det samiske folket i Noreg.

Kautokeino-opprøret på film[endre | endre wikiteksten]

Regissøren Nils Gaup har i fleire år arbeidd med ein filmatisering av opprøret i Kautokeino. Filmen er ein skandinavisk samproduksjon med eit budsjett på meir enn 50 millionar kroner, og hadde premiere i januar 2008. Nils Gaup er sjølv etterkommar av ein av dei som deltok i opprøret, og han ønskjer å fortelje ei historie som han meiner aldri er blitt fortalt, om forhistoria for tragedien og den menneskelege delen av dramaet.

Det er òg laga skildringar av Kautokeino-opprøret innan andre kunstartar, som musikk, dikt, historiske romanar og bildande kunst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Kautokeino gamle kyrkje, fotografert av Sophus Tromholt omkring 1882.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur:[endre | endre wikiteksten]

  • Ivar Björklund. The anatomy of a millennarian movement : some organizational conditions for the Sami revolt in Guovdageaidnu in 1852. Acta Borealia 9 (1992) : 2, S. 37-46
  • Georg Gripenstad. Kautokeino 1852 : några tidsdokument Luleå : Tornedalica,1990. - 175 s. (Tornedalica ; nr. 48)
  • Reidar Hirsti. Sameopprøret. - Oslo : Gyldendal, 1994. - 174 s. Bibliografi: s. 174-175. Bokomtale i: Ofelas, 1994 nr 8, s. 8-10.
  • Lars Jakobsen Hætta. En beretning om de religiøse og moralske forhold i Kautokeino før den Læstadianske vækkelse. Oslo, 1924?. - S.: [68]-89. (Bidrag til Finnmarkens kirkehistorie ; 2) Kopi frå: Norvegia sacra vol. III (1924?)
  • Odd Mathis Hætta. Kautokeino-opprøret 1852 : en bibliografi. - Alta, 1986. 19 bl.
  • Nellejet Zorgdrager. De strijd der rechtvaardigen Kautokeino 1852 : religieus verzet van Samen tegen intern Noors kolonialisme : (with a summary in English) = The battle of the righteous. Kautokeino 1852 / Nellejet Zorgdrager. - Groningen, 1989. - 446 s. + kart : ill., tab.
  • Zorgdrager, Nellejet (1942-) (1997) De rettferdiges strid: Kautokeino 1852 : samisk motstand mot norsk kolonialisme – I samarbeid med Norsk folkemuseum, Oslo. ISBN 8241203004 (ib.).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]