Lars Ohly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lars Ohly

Lars Ohly, (fødd 13. januar 1957), er ein svensk politikar (vänsterpartist), Vänsterpartiet sin partisekretær mellom 1994 og 2000, riksdagsmedlem sidan 1998 og partileiar for Vänsterpartiet sidan 2004.

Ohly vart fødd i Spånga i Stockholms len som son av ein prest. Som ungdom vart han radikalisert av internasjonale spørsmål som Vietnamkrigen, apartheid i Sør-Afrika, Palestina og Latin-Amerika. I 1978 gjekk han med i det daverande Kommunistisk Ungdom og året etter i det daverande Vänsterpartiet Kommunisterna.

Etter gymnaset, i 1976, byrja Ohly å arbeide på den svenske jernbanen, SJ. Innom SJ var han aktiv i manga faglege spørsmål.

I 1987 vart Ohly vald til varamedlem i partistyret. I 1990, året da partiet endra namn til Vänsterpartiet, vart han ordinært medlem der. I 1994 tok han permisjon frå SJ for å bli partisekretær. I 1998 vart han innvald i riksdagen, og i 2004 til partileiar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen om Lars Ohly Svensk Wikipedia (samandratt)