Lascaux

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hestemåleri i Lascaux.

Lascaux er namnet på eit gods ved Montignac i Dordogne i Frankrike der fire gutar i 1940 fann ei hole med holemåleri som er 15 000–17 000 år gamle.

Lascaux er ein kalksteinsås frå den yngre kritt-tida og hola skil seg ut frå andre grotter i området ved at ho er djup og «tørr». Takka vere eit lag med leire har ikkje vatn klart å trenge inn gjennom den porøse bergarten. Dette har verna veggmåleria i tida fram til dei blei oppdaga.

Oppdaginga[endre | endre wikiteksten]

12. september 1940 var Marcel Ravidat, Jacques Marsal, Georges Agnel og Simon Coencas på tur i skogen ved Lascaux då hunden deira, Robot, oppdaga noko rart ved rota av eit nedfalle eiketre. Gutane skjøna at det var ei hole og med ei lampe kunne dei utforske dei første måleria. Seinare blei ein lærar kopla inn og han tok kontakt med Abbed Hénri Breuil som var den leiande forskaren innan forhistorie i Frankrike. Han kunne erklære funnet som ekte. Abbed Breuil karakteriserte seinare det såkalla «okserommet» som «Det sixtinske kapellet for den eldre steinalderen».

Tolking av holemåleria[endre | endre wikiteksten]

Skisse av kattedyra i Lascaux-måleria.

Abbed Breuil meinte måleri i holer som Lascaux i stor grad var uttrykk for jaktmagi. Ved å avbilde dyret fekk ein makt over det. Dette var eit syn som hadde stor utbreiing og som stemde overeins med det ein alt kjende til av magi i «primitive» samfunn. Strekar blei tolka som piler eller spyd som jegerane forsøkte å felle dyra med, men kritikarane av dette synet viste til at dei flest dyrefigurane i ulike holer ikkje såg skadde ut i det heile. I Lascaux blei det funne mykje reinsdyrbein, men ingen reinsdyr er avbilda på veggane.

1950- og 1960-talet fremja Annette Laming-Emperaire og André Leroi-Gourhan strukturalistiske tolkingar av holemåleria. Denne tilnærminga henta mykje inspirasjon frå antropologen Claude Lévi-Strauss og hans analyse av myter som organiserte kring binære opposisjonar. Dette innebar at ein såg på holemåleria som planlagde komposisjonar der dei ulike figurane er plasserte ut frå verdsoppfatningar som utanforståande ikkje kan kjenne. Dei vil likevel kunne finne eit mønster for korleis måleria har vorte komponerte. Ifølgje desse tolkingane stod ofte hestar og ibuxar (antilopar) i ein opposisjon til bisonar og oksar i dei ulike holene. Dei siste representerte det feminine, medan dei første representerte det maskuline i komposisjonen. Dei strukturalistiske tolkingane har sidan vorte kritiserte for å vere basert på for vilkårlege inndelingar i høve til kva figurar som står i opposisjon til kvarandre og ikkje. Seinare forsking har likevel til ein viss grad bygd på strukturalistane sine arbeid.

Vitjing av hola[endre | endre wikiteksten]

Hola blei opna for vitjing etter andre verdskrigen, men ho blei stengd att i 1963. Grunnen til dette var at bileta byrja å ta skade. Det viste seg at karbondioksyden frå over tusen besøkande kvar dag fekk bileta til å forsvinne. Dampen frå pusten deira førte også til at det byrja å vekse algar inne i hola som også truga bileta. Framleis må grotta kontrollerast dagleg for å overvake tilstanden til måleria.

I 1983 blei det opna ein «faksimile» eller kopi av grotta kalla Lascaux II. Kunstnarar brukte ti år på å lage denne kopien så lik den originale som råd. Dei forsøkte også å etterlikne både teknikk og målinga som dei opphavlege holebuarane kunne ha brukt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lascaux