Ledincisjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ledincisjøen
Ledincisjøen -
Stad Syrmia i Vojvodina
Koordinatar 45°9′55″N 19°48′14″EKoordinatar: 45°9′55″N 19°48′14″E
Type innsjø kunstig
Utsig ingen
Tilknytte land Flag of Serbia.svg Serbia
Største lengde 400 m
Største breidde 100 m
Overflateareal 0,04 km²
Middeldjupne 15 m
Høgd over havet 290 m

Ledincisjøen (serbisk: Ledinačko jezero - Лединачко језеро) er ein liten kunstig innsjø i fjellet Fruška Gora, nær Novi Sad, i regionen Srem i Serbia.

Innsjøen vart skapt under NATO-bombinga av Jugoslavia i 1999, då forlatne pumper ved steinbrotet Srebro vart øydelagd og vatnet fylte seg opp. Innsjøen har ikkje noko utsig og veks stadig. I dag er djupna 50 meter og det er venta at han vil verte ein trugsel for landsbyen Stari Ledinci. Det er lagt fram planar om å lage fleire kanalar som vill føre vatnet ut til fleire andre kunstige innsjøar i Fruška Gora.

Innsjøen har eit areal på 4 hektar og er omgjeven av bratte klipper, bortsett frå ei slak side. Innsjøen er om lag 400 meter lang og opp mot 100 meter på det breiaste. Middeldjupna er 15 meter. Han ligg om lag 300 meter over havet og inneheld grønt og klårt vatn, på grunn av konstant tilførsel av vatn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]