Novi Sad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Novi Sad
Novi Sad von Petrovaradin.jpg
Flagget til Novi Sad
Flagget til Novi Sad
Kallenamn
«Serbisk Aten»
Motto
«'Grad po meri građana'»
(Byen for innbyggjarane sitt behov)
Plassering
Novi Sad is located in Serbia
Styresmakter
Land Flag of Serbia.svg Serbia
Region Vojvodina
Distrikt Sør-Bačka
Grunnlagd
Bystatus
1694
1748
Borgarmeister Igor Pavličić
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Urbant

699 km²
129,4 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2011)
   - folketettleik
 - Byområde

381 388
  545,6 /km²
299 294
Koordinatar 45°15′″N 19°51′″EKoordinatar: 45°15′″N 19°51′″E
Høgd over havet 80 moh
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 21000
Retningsnummer (tlf) +381(0)21
Bilnummer NS
Nettstad: www.gradnovisad.org.yu

Novi Sad (kyrillisk skrift Нови Сад; ungarsk Újvidék; slovakisk Nový Sad, tysk Neusatz) er den nest største byen i Serbia, etter Beograd. Han ligg nord i landet og er det administrative senteret i provinsen Vojvodina og distriktet Sør-Bačka. Byen ligg ved breidda av Donau og Donau-Tisa-Donau-kanalen på nordsida av fjellet Fruška Gora.

Novi Sad har om lag 381 388 innbyggjarar (2006).[1][2] Han vart grunnlagd i 1694 og har sidan den gong vore eit senter for serbisk kultur. Dette har gjeve han kallenamnet «Serbisk Aten». I dag er Novi Sad både eit økonomisk eit og kulturelt sentrum[3] med ei viktig stilling i serbisk finans og industri.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Utsyn over Novi Sad frå Petrovaradin festning over Donau
Foto: August 2005

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Det har vore menneskeleg busetnad i området der Novi Sad i dag ligg sidan steinalderen (om lag 4500 f.Kr.). Denne busetnaden låg på høgresida av Donau, der dagens Petrovaradin ligg. Regionen vart erobra av keltarar (på 300-talet f.Kr.) og av romarane i det første hundreåret f.Kr. Keltarane grunnla den første festninga i området, som låg på høgresida av Donau. Under Romarriket vart det bygd ei større festning i det første hundreåret e.Kr. kalla Cusum. Dette vart ein del av det romerske Pannonia. På 400-talet vart Cusum øydelagd under invasjonen til hunarane.

Mot slutten av 400-talet hadde austromarane bygd opp att byen og kalla han Cusum og Petrikon. Byen vart seinare erobra av austgotarar, gepidar, avarar, frankarar, bulgarar, og igjen av austromarane.

Regionen vart erobra av Kongedømet Ungarn mellom 900- og 1100-talet. Byen vart først nemnd som Petrovaradin (Pétervárad) i kjelder frå 1237. Same året vart fleire andre busetnader her nemnde. Mellom 1526 og 1687 var regionen under Det osmanske riket. Dei fleste landsbyane her vart då busett av etniske serbarar.

Grunnlegginga av Novi Sad[endre | endre wikiteksten]

Habsburg tok over området mot slutten av 1600-talet hadde ikkje folk med ortodoks tru lov å busetje seg i Petrovaradin, og serbarar fekk derfor ikkje byggje heimane sine her. På grunn av dette vart ein ny busetnad grunnlagd i 1694 på andre sida av Donau. Det første namnet på denne nye busetnaden var Den serbiske byen (Ratzen Stadt). Eit anna namn på busetnaden var Petrovaradinski Šanac. I 1718 flytta innbyggjarane i landsbyen Almaš til Petrovaradinski Šanac, der dei grunnla Almaški Kraj (Almaš-kvarteret).

Etter ei folketeljing i 1720 hadde Ratzen Stadt 112 serbisk, 14 tyske og 5 ungarske hus. Busetnaden fekk offisielt namnet Novi Sad (Neoplantalatin) i 1748 då han vart ein «fri kongeleg by».

Kart over Novi Sad (Ratzen Stadt) frå 1745

Det meste av 1700- og 1800-talet var Novi Sad den største byen i verda busett av etniske serbarar. Han var eit kulturelt og politisk senter for serbarar, som ikkje hadde sin eigen nasjonalstat på denne tida. På grunn av den kulturelle og politiske påverknaden, vart Novi Sad kalla «Serbisk Aten» (Srpska Atina på serbisk). Etter ei folketejling i 1843 hadde Novi Sad 17 332 innbyggjarar. Den største etniske gruppa var serbarar, etterfølgd av tyskarar. Byen hadde også mange ungarsk innbyggjarar.[3]

Under revolusjonane i 1848 var Novi Sad ein del av Serbisk Vojvodina, ein serbisk sjølvstyrt region i Habsburgmonarkiet. I 1849 bombarderte den ungarske hæren byen frå Petrovaradin festning og øydela byen. I 1850 var det berre litt over 7000 innbyggjarar att. Mellom 1849 og 1860 vart byen ein del av det fråskilde austerrikske kronlandet Vojvodina av Serbia og Tamiš Banat. Etter at denne provinsen vart løyst opp, vart byen ein del av Bačka-Bodrog fylke.

Etter 1867 vart Novi Sad ein del av den ungarske delen av Austerrike-Ungarn. I denne perioden førte ungarniseringa av området til at den demografiske strukturen endra seg drastisk frå å vere dominert av serbarar til å verte meir etnisk blanda.

Etter den første verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Novi Sad i 1920

25. november 1918 erklærte den serbiske forsamlinga Bunjevci, og andre nasjonar i Vojvodina ein union mellom regionen Vojvodina og kongedømet Serbia. Dette vart gjort i Novi Sad. Sidan 1. desember 1918 var Novi Sad ein del av Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar, og i 1929 vart han hovudstad i Donau Banovina, ein provins i Kongedømet Jugoslavia.

I 1941 vart Kongedømet Jugoslavia invadert og delt mellom aksemaktene, og dei nordlege delane med Novi Sad vart annektert av Ungarn. Under den andre verdskrigen vart om lag 5000 innbyggjarar myrda og mange andre vart flytta til andre stader. I løpet av det tre dagar lange Novi Sad-raidet i 1942 (21.-23. januar 1942) tok det ungarske politiet livet av 1246 innbyggjarar, mellom andre 800 jødar. Lika deira vart kasta i isvatnet i Donau. Totalt mista rundt 2500 menneske livet i raidet.[4][5] Innbyggjarar av alle folkeslag kjempa imot autoriteten frå aksemaktene.[5] I 1975 fekk heile byen tittelen heltestatus i Jugoslavia.

Dei kommunistiske partisanane frå Srem og Bačka gjekk inn i byen 23. oktober 1944 under leiing av Todor Gavrilovics Rilc, og tok livet av mange ungarar og tyskarar som vart skulda for å samarbeide med ungarske fascistar.

Petroleumsraffineriet i Novi Sad etter eit NATO-åtak 22. april 1999.

Novi Sad vart ein del av det nye sosialistiske Jugoslavia. Sidan 1945 har Novi Sad vore hovudstad i Vojvodina, ein provins Jugoslavia og Serbia. Byen opplevde ein rask industrialisering og folketalet meir enn dobla seg i perioden mellom den andre verdskrigen og oppdelinga av Jugoslavia. Etter 1992 vart Novi Sad ein del av den føderale republikken Jugoslavia, som i 2003 vart gjort om til statsunionen Serbia og Montenegro. Sidan 2006 har Novi Sad vore ein del av det sjølvstendige Serbia.

Byen vart øydelagd under NATO-bombinga i Kosovokrigen i 1999. Dei tre bruene over Donau vart øydelagd,[3] i lag med kommunikasjon, vatn og elektrisitet. Fleire bustadområde vart bombardert med klasebomber, medan oljeraffineriet vart bombardert dagleg, noko som førte til alvorleg forureining og omfattande økologiske skader.

Luftfoto av Novi Sad.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Novi Sad er ein industriby med variert industri, mellom anna petroleumsraffinering, kjemisk, verkstads- og næringsmiddelindustri, framstilling av keramikk, elektriske apparat og anna. Det blir halde ei internasjonal landbruksmesse her kvart år.

Byen har fleire byer over Doanu, elvehamn og jernbane.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 (på serbisk) Popis stanovništva, domaćinstava i Stanova 2002. Knjiga 1: Nacionalna ili etnička pripadnost po naseljima. Statistical Office of the Republic of Serbia. 2003. ISBN 86-84443-00-09. 
  2. «Municipalities of Serbia, 2006». Statistical Office of the Republic of Serbia. http://webrzs.stat.gov.rs/axd/Zip/OG2006webE.zip. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Novi Sad» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 10. mai 2015.
  4. David Cesarani (1997). Genocide and Rescue: The Holocaust in Hungary 1944. Berg Publishers. s. 13. ISBN 1859731260. 
  5. 5,0 5,1 Enikő A. Sajti (Spring 2006). «The Former 'Southlands' in Serbia: 1918- 1947». The Hugnarian Quarterly XLVII (181). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Novi Sad