Fruška Gora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fruška Gora
Fruška Gora frå sør.
Fruška Gora frå sør.
Høgd over havet 539 m
Ligg i/på Serbia, Kroatia
Koordinatar 45°10′N 19°40′E
Satellittbilete av Fruška Gora

Fruška Gora (serbisk: Фрушка Гора eller Fruška Gora, kroatisk: Fruška Gora, ungarsk: Tarcal, latin: Alma Mons) er eit fjell nord i Syrmia i Serbia, stundom kalla, «juvelen i Vojvodina» på grunn av det vakre landskapet, naturen og landsbygda. Ein mindre del av fjellet i vest ligg i Kroatia.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Fjellet har fått namnet sitt etter det gamle serbokroatisk namnet for det frankiske folket, Fruzi (frug=frankar, fruzi=frankarar, fruški=frankisk). Oversetjinga av Fruška Gora vil dermed verte «Det frankiske fjellet». Fjellet fekk dette namnet fordi det var ei naturleg grense under frankarane sitt felttog. I Romarriket vart fjellet kalla Alma Mons (frodig fjell).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Det meste av fjellet ligg i Vojvodina i Serbia, og ein mindre del i vest ligg i Kroatia. Fjellet grensar mot Donau i nord. Det er om lag 80 km langt frå aust til vest, og om lag 15 km frå nord til sør. Den høgaste toppen er Crveni Čot på 539 m.

Fjellsidene i Fruška Gora er godt egna for druer, og mange vindyrkarar produserer Traminer, Riesling og andre vinar i området. Det frodige og vakre området har trekt til seg folk gjennom lange tider, og gjer det framleis i dag. Det har vorte kjend for det fredfulle og rike livet til innbyggjarane, og ein stad der vitjande kan nyte ro og fred i vakre omgivnadar.

Ein stor del av området (25 525 kvadratkilometer) har vore ein nasjonalpark i Serbia sidan 1960.

Kloster[endre | endre wikiteksten]

Det ligg meir enn seksten serbisk-ortodokse kloster ved Fruška Gora på grunn av dei gjestfrie, naturlege omgivnadane. I følgje historiske kjelder oppstod desse klostera på byrjinga av 1500-talet. Segner skal derimot ha det til at dei vart oppretta mellom 1100- og 1400-talet. Alle klostera ligg innanfor eit 50x10 km stort område, og gjennom hundreåra har klostera opprettheldt det andelege og politiske livet i Serbia.

Liste over klostera:

  • Beočin - Tyrkarane nemner først klosteret i 1566/1567.
  • Bešenovo - I følgje segna vart klosteret grunnlagd av den serbiske kongen Stefan Dragutin på slutten av 1200-talet. Dei tidlegaste historiske kjeldene om klosteret er frå 1545.
  • Velika Remeta - Tradisjonelt er Kong Dragutin nytta til grunnleggjinga. Dei tidlegaste historiske kjeldene er derimot frå 1562.
  • Vrdnik-Ravanica - Kjelder indikerer at kyrkja vart bygd rundt tida til Metropolitan Serafim, den andre halvdelen av 1500-talet.
  • Grgeteg - I følgje tradisjonen vart klosteret grunnlagd av Zmaj Ognjeni Vuk (Despot Vuk Grgurević) i 1471. Dei tidlegaste historiske kjeldene går derimot berre tilbake til 1545/1546.
  • Divša - Ein meiner at klosteret vart grunnlagd av Despot Jovan Branković seint på 1400-talet. Dei tidlegaste historiske kjeldene om klosteret går tilbake til andre halvdel av 1500-talet.
  • Jazak - Klosteret vart grunnlagd i 1736.
  • Krušedol - Klosteret vart grunnlagd mellom 1509 og 1516, av biskop Maksim (Despot Đorđe Branković) og mor hans Angelina.
  • Kuveždin - Tradisjonelt meiner ein at klosteret vart grunnlagd av Stefan Štiljanović. Den første historiske kjelda er derimot frå 1566/1569.
  • Mala Remeta - Ein meiner det var kong Dragutin som grunnla klosteret. Dei tidlegaste historiske kjeldene går tilbake til midten av 1500-talet.
  • Novo Hopovo - I følgje segner vart klosteret bygd av despotar frå Huset Branković. Dei første pålitelege kjeldene er derimot frå 1641.
  • Privina Glava - Segna seier det var ein mann kalla Priva som på 1100-talet grunnla klosteret. Dei tidlegaste kjeldene går tilbake til 1566/1567.
  • Petkovica - Det var visstnok enkja av Stefan Štiljanović, despotessa Jelena, som grunnla dette klosteret. Dei tidlegaste historiske kjeldene nemner først klosteret i 1566/1567.
  • Rakovac - I følgje ei segn skriven ned i 1704, vart Rakovac grunnlagd av ein mann kalla Raka, hoffmann hos Despot Jovan Branković. Segna seier at Raka reiste klosteret i 1498. Dei tidlegaste sikre kjeldene nemner klosteret i 1545/1546.
  • Staro Hopovo - I følgje segna vart klosteret grunnlagd av biskop Maksim (Despot Đorđe Branković). Dei første nedskrivne kjeldene går tilbake til 1545/1546.
  • Šišatovac - Klosteret vart visstnok grunnlagd av flyktande munkar frå det serbiske klosteret Žiča. Historiske kjelder går tilbake til midten av 1500-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]