Lefse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lefse

Lefse er eit tynt utkjevla og oftast mjukt, ugjæra og takkesteikt bakverk som oftast blir ete med smør og anten sukker eller pålegg som ost, myssmør eller gomme. Det finst to hovudtypar av lefser i tradisjonell norsk matlaging: «tynnlefse» og «tjukklefse». Den norske matretten lefse svarar i hovudtrekk til den mjuke varianten av den svenske matretten tunnbröd.

Ordet «lefse» har mange dialektvariasjonar. På intrøndersk heiter det «læms» og på nordmørsk «læfs». Uavhengig av uttalen er bakverket sirkelforma, med diameter i intervallet 20–50 cm, alt avhengig av lokal tradisjon og storleiken på takka eller omnsplata. I gamle dagar var det ofte ei bakstekjerring som for rundt i bygda og baka læms og liknande.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]