Leith Hill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leith Hill
Marilyn
none
Land Flag of England.svg England
stad Surrey
 - høgd 294 moh
 - skardhøgd 249 m

Leith Hill er ein ås sørvest for Dorking i Surrey i England, med ei høgd på 294 meter over havet. Dette er det høgaste punktet i Surrey og det nest høgaste punktet i Søraust-England etter Walbury Hill på 297 meter over havet.

Høgda er ein viktig historisk stad: Det var her at Ethelwulf av Wessex, faren til Alfred den store, slo danane som var på veg mot Winchester etter å ha plyndra Canterbury og London.

Leith Hill Tower[endre | endre wikiteksten]

Tårnet er i 1700-tals gotisk stil. Det vart bygd under namnet Prospect House 17651766 av Richard Hol, eigaren av Leith Hill Place. Målet hans var å auke høgda til tusen fot; høgda er i seg sjølv 965 fot. Tårnet er 65 fot høgt, det vil seie omkring 20 meter.

Det vart bygd med to rom, som vart pent møblert. Over døra vart det plassert ei innskrift på latin som fortalde at Hol ikkje hadde bygd det berre til eiga glede, men òg for at andre skulle nyte det. Han tilbaud vitjande prospektglas, nokre slags små teleskop, slik at dei kunne få fullt utbytte av utsikta.

Då Hol døydde i 1772 vart han etter eige ynskje gravlagd under tårnet. Han var sikker på at jorda ved dommedag vil bli snudd på hovudet, og vart difor gravlagt opp-ned. Alt lausøyre, og dessutan vindauge og dører vart fjerna frå tårnet, som så vart ståande å forfalle. Då det byrja å bli fylt opp av samanrast byggmateriale, vart inngangen mura igjen.

I 1864 bestemde ein herr Evelyn frå Wotten Hall seg for å opne tårnet igjen, men den store mengda samanrast betong gjorde dette vanskeleg. Han fekk difor bygd eit sidetårn, slik at ein kunne kome til toppen.

Tårna vart fullt restaurert av National Trust i 1984. Ein butikk vart opna i det nedre rommet, og tårna er ope for publikum fleire dagar i veka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Leith Hill