Walbury Hill
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Walbury Hill | |
| fjell | |
|
The view from Walbury Hill, looking towards Combe Gibbet
|
|
| Topp | North Wessex Downs i Berkshire i England |
|---|---|
| - skardhøgd | ca 188 m m |
| Høgd | 297 m |
Walbury Hill er det høgaste punktet i Berkshire, 297 meter over havet. Det er òg det høgaste punktet i Søraust-England. Han er berre 3 meter høgare enn Leith Hill i Surrey, det nest høgaste punktet i Søraust-England.
Han ligg på grensa mellom Inkpen og Combe sørvest i Berkshire (sistnemnde tidlegare ein del av Hampshire). Han ligg nær grensa til Hampshire og 7 km søraust for Hungerford, den næraste småbyen. På toppen ligg eit åsfort frå jernalderen, Walbury Camp. Combe Gibbet står på den nærliggande Gallows Down.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Walbury Hill» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2011.