Leiv Aalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leiv Aalen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. september 1906
Rennesøy kommune
Død

24. januar 1983 (76 år)
Oslo

Yrke prest, professor
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Leiv Aalen (21. september 190624. januar 1983) var ein norsk teolog frå Rennesøy. Han var professor ved Menighetsfakultetet frå 1957 til 1976. Aalen stod for streng lutheranisme og låg i strid med dei meir pietistiske representantane på Menighetsfakultetet.

Doktorgradsavhandlinga til Aalen kom i 1952 og heitte Den unge Zinzendorfs teologi. Han gav òg ut Ord og Sakrament i 1966, og i lag med broren Sverre Aalen, gav han ut Bakenfor inferno. Oppgjør med tradisjonelle forestillinger om helvete i 1955.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]