Lendmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lendmann (norrønt lendr maðr), er ein stormannstittel frå norrøn tid. Lendmann var den høgaste rangen i hirda, berre under jarl. Den nøyaktige funksjonen til lendmennene endra seg truleg over tid. Lendmenn skulle mellom anna krevja opp skattar på vegner av kongen, der ein viss del gjekk til dei sjølv. Tittelen er først nemnt i skaldekvad frå Olav den heilage si tid. Under Magnus Lagabøte fekk dei norske lendmennene tittelen baron.

Tittelen lendmann har ikkje noko samband med lensmann, som var ein tittel som oppstod i dansketida.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.