Lev Vygotskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lev Vygotskij

Fødd5. november 1896
Orsja
Død11. juni 1934 (37 år)
Statsborgar avDet russiske imperiet, Sovjetunionen
Yrkefilosof, psykolog, pedagog, faglitterær forfattar, universitetslærar, antropolog
InstitusjonarPsychological Institute of the Russian Academy of Education
Institute of Correctional Pedagogy
Q4059235
Second Moscow State University
Statsuniversitetet i Moskva
Utdanna vedStatsuniversitetet i Moskva
Moscow City People’s University
EktefelleRoza Noevna Vygodskaya

Lev Semjonovitsj Vygotskij (17. november (jul. 5. november) 189611. juni 1934) var ein russisk psykolog og pedagog frå Belarus. Han var stor grad påverka av marxistisk filosofi, og arbeidet hans var sjølvsagt påverka av tida han levde i, då den russiske revolusjonen og danninga av Sovjetunionen fann stad. Han utvikla det ein kallar det sosiokulturelle perspektivet på læring, som skil seg frå andre læringsteoriar ved at det som avgjer kva ein elev lærer er samspelet med personane rundt eleven. Verka hans vart kjende i Vesten1960-talet.

Vygotskij var fødd i Vorsja i Belarus og døydde i Moskva i Russland av tuberkulose.

Lev Vygotskij var ein pedagogisk teoretikar som lanserte ideen om at barn si utvikling i større grad skjer i samspel med omgjevnadene enn som ein utelukkande individuell prosess. Spesielt interesserte han seg for skilnaden mellom kva barn kan lære seg på eiga hand og kva dei treng hjelp frå vaksne til. Avhengig av kva assistanse dei får kan barn anten vera på sitt faktiske utviklingsnivå dersom dei lærer på eiga hand, eller på sitt potensielle nivå dersom dei blir stimulerte av foreldre eller lærarar.

Vygotskijs innfallsvinkel vert kalla sosiokulturalisme fordi han ser samfunn og kultur som avgjerande faktorar for individet si utvikling og prestasjonsevne. Med utvikling meiner han evne til tenking, språk samt mental og personleg utvikling. Ifølgje Vygotskij skjer utviklinga gjennom relasjonar, spesielt til foreldra, og aukar den kulturelle forståinga (omgrepsapparatet). Den kulturelle forståinga og den kognitive utviklinga kallar Vygotskij for internalisering. For at eit barn skal bli internalisert må det bli undervist og ha eit godt tilhøve til dei som er eldre (foreldre, lærarar, idol, mv.). Ifølgje Vygotskij påverkast altså intelligensen av dei sosiale faktorane.

Vygotskij var lenge upåakta og Jean Piaget var den førande teoretikaren på emnet barn si utvikling. På 1980-talet vart han likevel oppdaga på ny i samband med glasnost og har i dag stor påverknad på forskinga om barn si modning og språklege utvikling.

Den nærmaste utviklingssona[endre | endre wikiteksten]

Heilt sentralt for det sosiokulturelle perspektivet er teorien om den nærmaste utviklingssona. Dette er eit omgrep som skildrar avstanden mellom det ein elev kan meistra /prestera åleine, og det han meistrar dersom han jobbar saman med andre. Ved å utnytta den nærmaste utviklingssona maksimalt, vil ein elev til ei kvar tid meistra det maksimale av sitt eige potensiale.

Noko som også er viktig for Vygotski, er at dei som eleven lærer av, også må vera nokon som kan meir enn eleven sjølv. Vygotski meinte at elevar på om lag same nivå i liten grad vil kunna hjelpa einannan til å læra noko ut over dette nivået, altså det som ligg i den nærmaste utviklingssona. (Imsen, 2005)

Omgrepet scaffolding, som vart introdusert av  Jerome Bruner, illustrerer eit viktig poeng i denne samanhengen. Det går ut på at den «vaksne» (lærar, foreldre, læremeister eller andre) «byggjer eit stillas» i den nærmaste utviklingssona. Dette stillaset er den undervisninga eller den hjelpa eleven treng til å kunna meistra det som ligg i den nærmaste utviklingssona. 

Dei oppgåvene eleven kan gjera med hjelp, vil dei etter kvart kunna gjera åleine. Ideelt sett vil dei samstundes få større forståing for heile faget. Ein må då flytta stillaset til nye og meir avanserte oppgåver. På denne måten vert grensa for kva eleven meistrar flytta utover, slik at eleven får ein progresjon i læringa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Imsen, G. (2005). Elevens verden: Innføring i pedagogisk psykologi. Oslo: Universitetsforlaget.