Jean Piaget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jean Piaget (9. august 189616. september 1980) var ein sveitsisk psykolog, biolog og filosof. Piaget sin teori om kognitiv utvikling har hatt stor påverknad, spesielt i Lev Vygotsky og Lawrence Kohlberg sine arbeid innan pedagogisk forsking. Mellom anna har filosofen og sosialteoretikaren Jürgen Habermas fletta inn Piaget sitt tankemønster i sine arbeid, tydelegast i The Theory of Communicative Action. Piaget hadde også ein stor innverknad på fagområde som informatikk og kunstig intelligens. Seymour Papert nytta Piaget sitt arbeid medan han utvikla programmeringsspråket Logo. Alan Kay nytta Piaget sine teoriar som basisgrunnlag for programmeringskonseptet Dynabook, eit forstadium i utviklinga av grafiske brukargrensesnitt.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Piaget vart fødd i Neuchâtel i den fransktalande delen av Sveits. Far hans, Arthur, var professor i mellomalderlitteratur ved universitetet i Neuchâtel. Jean Piaget modna tidleg som barn og utvikla ei interesse for biologi, spesielt for blautdyr, og hadde gjeve ut ei mengd forskingsrapportar om emnet allereie før han var ferdig med vidaregåande skule.

Piaget sin lange vitskaplege karriere starta i 1907 då han i ein alder av elleve publiserte ein kort artikkel om albinosporven. I løpet av dei sju neste tiåra skreiv han over seksti bøker og fleire hundre artiklar.

Jean Piaget såg på barn som små filosofar og vitskapsmenn som bygde sine eigne individuelle teoriar om kunnskap (konstruktivismen). Ei rekkje forskarar har nytta Piaget sine idear med fokus på kva barn er ute av stand til å gjera. Piaget nytta derimot barn sine problemområde for betre å forstå deira kognitive vekst og utvikling.

Han tok doktorgraden sin i naturvitskap ved universitetet i Neuchâtel og studerte ein kort periode ved universitetet i Zürich. Det var under denne perioden han utvikla interessa si for psykoanalyse.

Like etter studia flytta han til Grange-aux-Belles i Frankrike for å undervise ved ein guteskule som vart driven av Alfred Binet, utviklaren av Binet intelligenstest. I 1921 reiste han attende til Sveits som direktør for Rousseau institutt i Genève.

I 1923 gifta han seg med Valentine Châtenay, som han fekk tre barn med.

Han var professor i psykologi ved universitetet i Genève frå 1929 til 1975 og vart mest kjent for å kategorisere den kognitive utviklinga i ein serie av fasar. Fasane vart delte inn med tanke på å korrespondere med utviklinga frå spedbarnsalder, barndom, fram til ungdomsalder. Desse fire fasane blir kalla sensomotorisk fase, preoperasjonell fase, konkret operasjonell fase, og sist formell operasjonell fase.

Store verk og prestasjonar[endre | endre wikiteksten]

Mest lesen[endre | endre wikiteksten]

  • Bringuier, J-C. (1980). Conversations with Jean Piaget. Chicago: University of Chicago Press

Store verk[endre | endre wikiteksten]

  • Inhelder, B. and J. Piaget (1958). The Growth of Logical Thinking from Childhood to Adolescence. New York: Basic Books.
  • Piaget, J. (1962). Play, Dreams and Imitation in Childhood. New York: Norton.
  • Piaget, J. (1970). Structuralism. New York: Harper & Row.
  • Piaget, J. (1971). Biology and Knowledge. Chicago: University of Chicago Press.
  • Piaget, J. (1983). Piaget's theory. In P. Mussen (ed). Handbook of Child Psychology. 4th edition. Vol. 1. New York: Wiley.
  • Piaget, J. (1995). Sociological Studies. London: Routledge.
  • Piaget, J. (2000). Commentary on Vygotsky. New Ideas in Psychology, 18, 241-59.
  • Piaget, J. (2001). Studies in Reflecting Abstraction. Hove, UK: Psychology Press.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Edit-find-replace.svg Ikkje omsett: Denne artikkelen er ikkje ferdig omsett frå engelsk enno. Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig!
  • 1921-25 Research Director, Institut Jean-Jacques Rousseau, Geneva
  • 1925-29 Professor of Psychology, Sociology and the Philosophy of Science, University of Neuchatel
  • 1929-39 Professor of the History of Scientific Thought, University of Geneva
  • 1929-67 Director, International Bureau of Education, Geneva
  • 1932-71 Director, Institute of Educational Sciences, University of Geneva
  • 1938-51 Professor of Experimental Psychology and Sociology, University of Lausanne
  • 1939-51 Professor of Sociology, University of Geneva
  • 1940-71 Professor of Experimental Psychology, University of Geneva
  • 1952-64 Professor of Genetic Psychology, Sorbonne, Paris
  • 1955-80 Director, International Centre for Genetic Epistemology, Geneva
  • 1971-80 Emeritus Professor, University of Geneva

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Smith, L. (1997). Jean Piaget. In N. Sheehy, A. Chapman. W.Conroy (eds). Biographical dictionary of psychology. London: Routledge.
  • Smith, L. (2001). Jean Piaget. In J. A. Palmer (ed) 50 Modern thinkers on education: from Piaget to the present. London: Routledge