Liatårnet

Koordinatar: 60°18′41″N 5°6′29″E / 60.31139°N 5.10806°E / 60.31139; 5.10806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liatårnet
fjell
Liatårnet, den høgaste toppen midt på biletet.
Land  Noreg
Område Sotra, Øygarden (Vestland)
Høgd 341 moh.
Primærfaktor 341 m
Koordinatar 60°18′41″N 5°6′29″E / 60.31139°N 5.10806°E / 60.31139; 5.10806
Kart
Liatårnet
60°18′42″N 5°06′29″E / 60.31154°N 5.10813°E / 60.31154; 5.10813
Wikimedia Commons: Liatårnet

Liatårnet er det høgaste punktet på øya Sotra i Øygarden kommune i Vestland med ei høgd på 341 meter over havet. Det ligg på eit fjellmassiv som strekkjer seg i nord–sør retning mellom Bildefjellet og Haganes. Frå toppen er det storslått utsikt over Sotra med lyngheier og myrer, grå steinknausar, øyar og holmar, og vidare i alle himmelretningar: Hjeltefjorden i nord, byfjella rundt Bergen i aust, Folgefonna i søraust og Nordsjøen i vest. Liatårnet er mest framtredande frå vest med steile bergflater av gneisgranitt, smale fjellhyller og bratte stup. Opphavleg var planen å bygge Fjell Festning oppe på sjølve toppen, men dette vart ikkje noko av.

Då isen sakte trekte seg tilbake etter første istid, sørgde den gradvise avlastinga frå den tunge isen for at Sotra og landområda nedover langs kysten heva seg «skeivt», det vil sei at vestsida ofte er svært bratt og steil, medan ein på austsida ofte finn slakare hellingar. Så er òg tilfellet med Liatårnet og fjellrekka som går langs Sotra: i vest er fjella bratte og ulendte, medan dei i aust er slake.

Første ledd i namnet viser til gardsnamnet Li, ein gard som ligg like søraust for fjellet.