Spitsbergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spitsbergen
Geografi
Spitsbergen.png
Stad Nordishavet
Koordinatar 78°54′N 18°01′EKoordinatar: 78°54′N 18°01′E
Øygruppe Svalbard
Areal 39 044 km²
Høgaste punkt Newtontoppen (1717 moh.)
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Største busetnad Longyearbyen

Spitsbergen (tidlegare Vestspitsbergen) er den største øya i øygruppa Svalbard i Nordishavet. Øya har eit areal på 39 044 km²[1], og er dermed den største øya i Kongeriket Noreg, meir enn ti gonger så stor som Hinnøya, den største øya langs norskekysten.

Øya vart oppdaga av nederlendaren Willem Barents i 1596, som gav øya namn. Namnet gav han fordi det var så mange høge, spisse fjell der. Namnet Spitsbergen vart tidlegare nytta om heile øygruppa Svalbard. Ho er om lag 450 km lang og mellom 40 og 225 km brei. Sidan Spitsbergen ligg langt innanfor polarsirkelen har ho midnattssol frå seint i april til seint i august. Frå rundt 26. oktober til rundt 15. februar er det mørketid.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet på Spitsbergen vart gjeve av den nederlandske oppdagaren Willem Barents, som oppdaga øya då han leita etter Nordaustpassasjen i 1596. Øygruppa kan derimot ha vore kjend for russiske pomorar på jakt så tidleg som 1300- eller 1400-talet, men ein har ikkje funne spor etter dette folket frå før 1600-talet. Pomorane konkluderte med at dei hadde funne ein del av Grønland og kalla området Grumant (Грумант). Namnet Svalbard er først nemnd i islendingesogene frå 900- og 1000-talet, men dei kan òg referere til Jan Mayen eller Grønland.

Spitsbergen er ein av tre busette øyar i øygruppa og med heimel i Svalbardtraktaten kan alle signatarstatar slå seg ned på øygruppa. For tida er det berre Noreg og Russland som nyttar seg av denne retten. Den største busetnaden på Spitsbergen er den norske Longyearbyen, medan den nest største er den russiske kolgruvebyen Barentsburg. Nederlendarane selde rettane til byen til det sovjetiske gruveselskapet Arktikugol i 1932. Andre busetnader på øya er dei tidlegare russiske gruvebyane Grumantbyen og Pyramiden (forlatne i høvesvis 1961 og 1998), ein polsk forskingsstasjon ved Hornsund og den avsidesliggande nordlege busetnaden Ny-Ålesund.

Geografi på Spitsbergen

På grunn av dyreliv og havstraumar slo tidlege kvalfangstekspedisjonar til Svalbard hovudsakleg seg ned på Vestspitsbergen og øyane utanfor kysten.

Kvadehuksletta, på Vest-Spitsbergen, er kjend for sine unike steinformasjonar, inklusert særs sirkelforma steinar og labyrintliknande møsnter. Ein meiner desse formasjonane kjem av telehiv.

Edgeøya ligg søraust for Spitsbergen. Denne øya er ikkje busett og er den største delen av Søraust-Svalbard naturreservat og inneheld isbjørn og reinsdyr.

Allierte soldatar var stasjonart på øya i 1941 for å hindre at Nazi-Tyskland skulle okkupere øyane. Øyane vart offisielt avstått til Noreg i 1920-åra, men landet kom inn under tysk okkupasjon i 1940. Dei fleste innbyggjarane på øya var russarar (Sovjetunionen hadde ein ikkje-åtaksavtale med Tyskland fram til 22. juni 1941). Storbritannia og Canada sendte militære styrkar til øya for å øydeleggje installasjonane og hindre tyskarane frå å okkupere ho.[2]

Frøkvelv[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Svalbard globale frøkvelv.

Den norske regjeringa bygde eit frøkveld for å lagre frø frå så mange planter i verda som mogeleg. Kvelvet består av ein 120 meter lang tunnel på Spitsbergen med ein naturleg temperatur på -6 °C. Frøa ligg lagra i to åtskilde kveld i enden av tunnelen med ein temperatur på -18 °C.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Areal frå
    • Anonym (1986) Encyclopædia Britannica – Encyclopædia Britannica.
    • Anonym (1996) Kunnskapsforlagets Store Norgesatlas – Kunskapforlagets.
    Andre kjelder gjev andre tal.
  2. canadiansoldiers.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Spitsbergen
Wikisource

Teksten til Svalbardtraktaten ved Wikisource (en).