Linear B

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Linear B er ei stavingsskrift som det mykenske målet, tidleg gresk, vart skrive med. Det bygde på ei tidlegare stavingsskrift (linear A) for det minoiske målet og svara soleis ikkje noggrant til ljodverdi i mykensk.

Innskriftene er skrivne på leirtavlor, og flestalle er frå 1300-1200 f. Kr. Det fyrste funnet ved Knossos gjorde den britiske arkeologen Arthur Evans 31. mars 1900, og 6. april fann han ei stor samling tavlor.

Michael Ventris avkoda linear B i 1951–1953.

Linear B har om lag 200 teikn, skipa etter stavingsteikn med ljodverde og logogram (eller ideogram) med semantiskt verde; linear B er difor berre i noko ei stavingsskrift.