Mykene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Løveporten i Mykene

Mykene var eit viktig økonomisk og militært maktsentrum i Hellas i bronsealderen.

Staden er i dag eit arkeologisk minnesmerke nordaust på halvøa Peloponnes. I bronsealderen var Mykene ein av dei viktigaste byane i Hellas, som dominerte både Peleponnes og øyane i Egearhavet. Ei av desse øyane var Kreta.

Mykene sitt akropolis vart truleg skipa så tidleg som 1500 fvt. Løveporten, som vart bygd kring 1250 fvt., var hovudinngangsporten til byen, og er vorte ståande som eit symbol på den mykenske kongemakta.

Epoken mellom 1600 og 1100 fvt i gresk historie er oppkalla etter utgravingsstaden Mykene, der arkeologar første gong fann restar etter høgkulturane. Arkeologane går ut frå at byen vart grunnlagd av greske folkegrupper, men trur ikkje at namnet, Mykene, opphavleg er gresk og reknar det som ei arv grekarane tok frå den tidlegare folkesetnaden i området.

Mykene var ein imponerande by, og byggverka viser at området har vore tilhaldsstad for ein særs utvikla palasskultur. Byggestilen til festningsverket som vart bygd i sentrum av byen ein gong på 1300-talet fvt. vart faktisk kalla kyklopisk av dei greske etterkommarane, av di dei meinte at berre kyklopar kunne bygge slike festningsverk.

Minnet om mykensk stordomstid overlevde gjennom dei mørke hundreåra i gresk historie, og ei romantisk framstilling av den mykenske perioden dannar grunnlaget for kjende greske episke dikt. Forfattaren Homer skildra i Iliaden og Odysseen korleis Agamemnon, kongen av Mykene, leia det greske krigstoget mot Troja.

Vi reknar med at greske folkegrupper innvandra til Hellas-området kring 1600 f.vt. Grekarane sitt inntog markerte ei ny epoke i området, sidan dei utvikla ein imponerande bronsealder-sivilisasjon der, som ikkje gjekk under før i 1200–1100 fvt. Denne kulturen kan samanliknast med høgkulturane i Mesopotamia og Egypt, men vi veit lite sikkert om han sidan skriftspråket endå ikkje er tyda.

Det vi veit er at det var ein høgt utvikla kultur, med eit eige skriftspråk og (trass namnet vi har gjeve han) langt større utbreiing enn berre byen Mykene. Vi veit òg at kongar og andre former for nobilitetar vart gravlagde i store sirkulære gravkammer, tholoar, saman med gullmasker, sølv og t.d. dolkar eller andre former for militært utstyr, noko som tyder på at militære eigenskaper var viktige. Det er òg funne døme på mumifisering av døde.

På eit tidspunkt rundt 1100 fvt. kollapsa den mykenske kulturen, og grekarane gjekk inn i den perioden som historikarane kallar dei mørke hundreåra i gresk historie. Årsaka til at dei vert kalla dei mørke hundreåra er at det ikkje finst nokon skriftkjelder frå perioden og at ein har færre arkeologiske funn frå perioden. Det einaste vi veit heilt sikkert er at folkesetnaden brått gjekk kraftig nedover.

Tidlegare har den rådande teorien vore at den mykenske kulturen gjekk under grunna ein invasjon av eit nytt gresk folkeslag, dorarane, men den teorien er no underlagt stor tvil. Ein ser mellom anna at egyptiske kjelder frå same tidsperiode nemner ei lang rekke uår der avlingane svikta, noko som førte til mellom anna krigar og folkevandringar. Det mykenske fallet fell òg saman med brå nedgang i ei rekke sivilisasjonar i Midtausten/Sør-Europa-området. Mange historikarar meiner at desse uåra stammar frå klimaendringar etter store vulkanutbrot, og at dei var den direkte årsaka til den mykenske undergangen. Den teorien passar òg saman med at store grupper av grekarar flytta ut til øyene i Egearhavet og kysten i Vesleasia for å dyrke nytt land.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mykene