Lisburn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lisburn

irsk Lios na gCearrbhach
Irsk lin-museum i Lisburn
Irsk lin-museum i Lisburn
Plassering
Lisburn is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Ulster banner.svg Nord-Irland
Region County Antrim
County Down]]
Distrikt Lisburn City
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

81 046
Koordinatar 54°31′″N 6°2′″WKoordinatar: 54°31′″N 6°2′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer BT27, BT28
Telefon-retningsnummer 028
Nettstad: www.lisburn.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lisburn

Lisburn (irisk Lios na gCearrbhach) er ein by i Nord-Irland, sørvest for Belfast. Ei anglisert versjon av det irske namnet, Lisnagarvey, vert nytta i namn på skular og idrettsklubbar i området. Byen fekk byrettar i 2002 (i lag med Newry). Byen ligg mellom grevskapa Antrim og Down med Lagan-elva som grense. Lisburn har like over 80 000 innbyggjarar. Trass i byrettane er byen omgjeve av jordbruks- og halvjordbruksområde. Lisburn City omfattar utanom byen Lisburn òg byane Hillsborough, Moira, Glenavy, Dunmurry og Drumbo. Det administrative hovudkontoret ligg i Lisburn.[1]

Lisburn er òg kjend som fødestaden for den irske linindustrien, som vart oppretta i 1698 av Louis Crommelin og andre hugenottar. Ei utstilling om den irske linindustrien finst no på Irish Linen Center som ligg i Old Market House på Market Square.

Byen er ein populær handlestad med fleire store varehus i sjølve Lisburn og utanfor. Her finst mellom anna Sprucefield og Sprucefield parksenter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Office of Public Sector Information

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]