Little Orme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 53°19′29″N 3°46′43″W

Little Orme frå Llandudno

Little Orme (walisisk Rhiwledyn) er eit nes i Conwy grevskapsdistrikt i Wales med ei høgd på 141 meter. I lag med det større Great Orme dannar dei kvar si side av Llandudno Bay.

I motsetnad til Great Orme har ikkje Little Orme vorte utvikla for verken gruvedrift eller turisme. Det var nokre kalksteinsbrot her på 1800-talet og fram til 1936. Klippene er ein populær stad for fjellklatrarar.

Delar av Little Orme har status som Site of Special Scientific Interest (stad med særleg vitskapleg interesse) North Wales Bird Trust ligg på nedsida av neset og mykje sjøfugl held til i klippene.

North Wales-stien går over Little Orme.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

området rundt]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]