Great Orme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Great Orme
Great Orme - Great Orme sett frå Llandudno
Great Orme sett frå Llandudno
Høgd over havet 207 moh
Ligg i/på Conwy i Wales
Primærfaktor 201 m
Koordinatar 53°20′0″N 3°51′20″WKoordinatar: 53°20′0″N 3°51′20″W

Great Orme (walisisk Y Gogarth eller Pen y Gogarth) er eit kalksteinsnes på nordkysten av Wales i Llandudno. Det vart kalla Cyngreawdr Fynydd i eit dikt av Gwalchmai ap Meilyr på 1100-talet.[1] Eit liknande, men mindre nes påandre sida av Llandudno Bay i Llanrhos heiter Little Orme.

Great Orme sett frå det tidlegare fyret
Det som er att etter palasset til biskopen av Bangor frå 1200-talet er den korte veggen til venstre.

Great Orme er eit naturreservat og har status som Special Area of Conservation (særskild bevaringsområde), Heritage Coast, Country Park og Site of Special Scientific Interest (stad av særleg vitskapleg interesse). Her beiter fleire hundre kashmirgeiter (ei gåve frå dronning Victoria).

I klippene finst store sjøfuglkoloniar (som lomvi, krykkje, alke og havhest samt noko måse. Andre fuglar som er å sjå ved Great Orme er mellom anna ravn, kyrkjeugle og vandrefalk.

Her låg ei av dei viktigaste kopargruvene i bronsealderen. Gruvedrifta stogga på 1800-talet, og i dag er det museum på staden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. J. E. Caerwyn Williams (ed.), Gwaith Meilyr Brydydd a'i ddisgynyddion (University of Wales Press, 1994). 9.153n.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]