Liguriahavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Liguriahavet

Liguriahavet eller Det liguriske havet (italiensk Mar Ligure, fransk Mer Ligurienne) er ein arm av Middelhavet mellom Den italienske rivieraen (Liguria og Toscana) og øyane Korsika og Elba. Havområdet er truleg kalla opp etter ligurarane som budde ved kysten i antikken.

Havet grensar til landa Italia, Frankrike og Monaco. I aust grenser havet til Tyrrenhavet og i vest til sjølve Middelhavet. Genova er den viktigaste byen langs kysten, og nordvestkysten er kjend den vakre naturen og det behaglege klimaet.

Genovabukta ligg lengst nord i havet. Elva Arno munnar ut i havet i aust, i tillegg andre elvar med utspring i Apenninane. Hamnene i Genova, La Spezia og Livorno ligg ved klippene langs kysten.

På det djupaste er havet om lag 2 850 meter djup, nordvest for Korsika. Området mellom Korsika og det italienske fastlandet vert kalla Korsikakanelen og er om lag 80 km brei. Han skil Liguriahavet frå Tyrrenhavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 43°29′54″N 9°02′30″E