Llaima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 38°41′45″S 71°43′54″W
Llaima
vulkan
none  Snøkjegla på Llaima
Snøkjegla på Llaima
Land Flag of Chile.svg Chile
Region La Araucanía-regionen
Provins Cautín-provinsen
Fjellkjede Andes
stad Melipeuco og Vilcún
 - høgd 3 125 moh
 - skardhøgd 1 819 m
 - koordinatar 38°41′45″S 71°43′54″W
Vulkantype Stratovulkan
Siste utbrot 5. april 2009
Relief Map of Chile.jpg
Locator Red.svg

Llaima er ein av dei største og mest aktive vulkanar i Chile. Han ligg 82 km nordaust for Temuco og 663 km søraust for Santiago, innanfor Conguillío nasjonalpark.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Toppen av Llaima består av to toppar. Den lågaste heiter Pichillaima, ligg kring 2920 meter over havet og er langt mindre markant enn den høgare nordtoppen.[1]

Middelhøgda i terrenget kring Llaima er om lag 740 moh.[1]

Denne vulkanen og vulkanen Sierra Nevada ligg kring Conguillíosjøen. Fjellsida vert drenert av elvane Captrén, Quepe og Trufultruful.[1] Dei førstenemnde er sideelvar til Rio Cautín og sistnemnde munnar ut i Rio Allipén.

Utbrot[endre | endre wikiteksten]

Llaima er ein av dei mest aktive vulkanane i Chile og har ofte, men moderate utbrot. Llaima har vorte dokumentert sidan 1600-talet og har fleire fråskilde episodar med moderate og eksplosive utbrot, og stundom lavastraumar. Det siste store utbrotet i 1994.[2]

Eit utbrot den 1. januar 2008 førte til at hundrevis måtte evakuere frå nærliggande landsbyar. Ei røyksøyle på kring 3000 m vart observert. Ein amatør fanga dei tidlege fasane av utbrotet på film.[3] Den vulkanske oska frå Llaima dreiv austover over Andes og inn i Argentina. Oskefall vart registrert i området kring Zapala i Neuquén-provinsen, og førte til at fly til og frå Presidente Perón lufthamn nær byen Neuquén.[4] Den 2. juli 2008 førte utbrotet til ei ny evakuering av 40 personar frå ein 15 km brei eksklusjonssone.[5]

Eit utbrot vart observert den 5. april 2009 med pyroklastiske straumar, oske og lava i fjellsida.

Fritid[endre | endre wikiteksten]

Skisenteret Las Araucarias ligg på vestsida av vulkanen.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Llaima