Hassel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hassel


Status i Noreg: LC Livskraftig

Ei hasselbuske
Ei hasselbuske

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Fagales
Familie: Betulaceae
Slekt: Corylus
Art: C. avellana
Vitskapleg namn
Corylus avellana
Hassel
Norske dialektnamn
Hatl
Namn på andre språk
Norrønt Hasl
Svensk Hassel
Dansk Hassel, Almindelig Hassel
Engelsk Hazel, Common Hazel
Tysk Hasel, Gemeine Hasel, Haselstrauch, Haselnussstrauch
Fransk Noisetier, noisetier commun, coudrier
Spansk Avellano, avellano común
Russisk Lesjtsjina (Лещина), Lesjtsjina obyknovennaja (лещина обыкновенная)

Hassel eller hatl (Corylus avellana) er ein art i hasselslekta i bjørkefamilien. Han er mest kjend for nøttene som kan etast. Hassel veks i urer og kratt i innlandet opp til Sør-Fron og Vestre Slidre, og langs kysten opp til Steigen i Nordland. Det er nordlegaste førekomsten i verda.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Dei tynne seige kvistane frå hassel vert brukt til flettverk og tønnebånd. Veden har også vore brukt til trekol, som blir av svært god kvalitet.

Nøttene inneheld ca 60 % olje, 20 % protein og ein del C-vitaminar. Dei har vore brukt både som menneske- og dyremat, og som råstoff for både såpe- og parfymeproduksjon.

Tradisjon[endre | endre wikiteksten]

Hasselen har alltid vore nytta som «varseltre»; Mange nøtter tydde ein våt haust og kald vinter, mens få nøtter spådde ein tørr høst og mild vinter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hassel