Llyn Celyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Llyn Celyn
Llyn Celyn -
Stad North Wales
Koordinatar 52°57′0″N 3°41′38″WKoordinatar: 52°57′0″N 3°41′38″W
Type innsjø reservoar
Tilknytte land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Største lengde 4,0 km
Største djupne 43 m

Llyn Celyn er eit stort reservoar som vart bygd mellom 1960 og 1965 i dalen til elva Tryweryn i North Wales. Det er om lag 4 km langt og har ei maksimal djupne på 43 meter. Det har ein kapasitet på 71,2 milliardar liter vatn.[1]

Det vart opphavleg kalla Llyn Tryweryn Mawr, men i september 1964 endra Liverpool Corporation namnet.[2]

Bygginga og motstanden[endre | endre wikiteksten]

Bygginga av reservoaret omfatta at landsbyen Capel Celyn og omliggande jordbruksland vart lagt under vatn. Dette skapte mykje sinne, fordi walisisk kultur og språk stod særs sterkt i landsbyen, samt at reservoaret vart bygd for å gje vatn til Liverpool og delar av Wirral i staden for Wales. Avgjersla om å byggje reservoaret vart teken trass i at 35 av 36 walisiske parlamentsmedlemmer var imot, og den 36. av desse stemde ikkje. Dette førte til auka støtte for det walisiske nasjonalistpartiet Plaid Cymru.

Det vart halde ei offisiell opning den 21. oktober 1965 med representantar frå byrådet i Liverpool. Det var venta store protestar og mykje politi var til stades. Seremonien varte mindre enn tre minuttar fordi protestantane hadde kutta mikrofonleidningane og ropa frå dei mange hundre protestantar gjorde at ingen høyrde noko av talen.

I oktober 2005 gav byrådet i Liverpool ut ei offentleg unnskyldning for hendinga.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]