Llyn Cwellyn
| Llyn Cwellyn | |
|---|---|
|
|
|
| Stad | Nord-Wales |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Type innsjø | reservoar |
| Tilknytte land | |
| Overflateareal | 0,87 km² |
| Busetnadar | Rhyd Ddu |
Llyn Cwellyn (Llyn Quellyn i eldre tekstar) er eit reservoar i Nord-Wales som gjev drikkevatn til delar av Gwynedd og Anglesey. Det ligg på Afon Gwyrfai i Nant y Betws mellom Snowdon Massif og Mynydd Mawr nord i Snowdonia nasjonalpark. Det har eit areal på 87 hektar og er over 37 meter på det djupaste. I sørenden ligg den vesle landsbyen Rhyd Ddu.
Sjølv om han no er demd opp i nordenden, nedanfor Castell Cidwm-ryggen, nær landsbyen Betws Garmon, har ikkje det auka storleiken på den naturlege innsjøen. Innsjøen er særs djup og er ein av få innsjøar i Wales som har ein naturleg bestand av arktisk røye. Det finst òg bekkeaure og oter i innsjøen. Innsjøen er eigd av Lawrence Jones, eigaren av Castell Cidwm estate i nordenden, og Welsh water. Innsjøen var opphavleg eigd av markisen av Anglesey som nytta Castell Cidwm som jakthus.
Vegen A4085 går langs innsjøen. Austsida vert i dag rekna som eit naturreservat, og det er restriksjonar på fiske i innsjøen.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Llyn Cwellyn» frå Wikipedia på engelsk, den 22. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- The lakes of Eryri av Geraint Roberts. Gwasg Carreg Gwalch, Llanrwst, 1995.
- Snowdonia, National Park Guide Number 2, edited Edmund Vale, HMSO 1958/1960 (s. 74)