Gwynedd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gwynedd
WalesGwynedd.png
Geografi
Areal
2 548 km²
Administrasjonsstad
Caernarfon
Demografi
Folketal
- Totalt (2007)
- Folketettleik

118 400
46,5 /km²

Gwynedd er eit administrativt og bevart grevskap i det nordlege Wales. Det har namnet sitt etter mellomalderkongedømet Gwynedd og vart grunnlagt i 1974 som eit av åtte administrative grevskap i Wales. I areal er det eit av dei største, men det er tynt folkesett. Ein stor del av folkesetnaden er walisisktalande og Gwynedd er derfor igjen vorte eit sentrum for walisisk nasjonalisme. Partiet Plaid Cymru fekk gjennombrotet sitt her.

Gwynedd med Anglesey

1. april 1996, i samband med ei revidering av grensene mellom dei forskjellige grevskapa i Wales, mista Gwynedd Anglesey, som vart ei sjølvstendig eining og Aberconwy, som gjekk til Conwy. Anglesey er med i det bevarte grevskapet.

Det nye Gwynedd dekker det meste av dei gamle grevskapa Caernarfonshire og Merionethshire; då det først vart oppretta hadde det då òg namnet Caernarfonshire og Merionethshire. Dei lokale politikarane gav det namnet Gwynedd neste dag.

Byar i Gwynedd[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]