Loch Craignish

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Loch Craignish er ein sea loch eller ein fjord på kysten av Argyll and Bute i Skottland.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Loch Craignish ligg mellom Oban og Crinankanalen.[1] Han har opning mot Sound of Jura og er ei trygg lei for småbåtar.[2]

Det ligg fleire øyar i fjorden og dei største av desse er Eilean Rìgh, Eilean Mhic Chrion og Island Macaskin. Landsbyen Ardfern ligg på nordvestsida av fjorden.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Loch Craignish var ein krossveg for førhistoriske busetjarar mellom Irland og Great Glen.[2] Ein steinkai sør på halvøya vart nytta av driftekarar frå Jura og Knapdale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Loch Craignish, Argyll». Am Baile. http://www.ambaile.org.uk/en/item/item_photograph.jsp?item_id=35526. Henta 14. januar 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Western Highlands: Loch Craignish, Argyll». Skottland's Colours. http://www.scotcolour.com/westernpm/lochcraignish.htm. Henta 14. januar 2010. 

Koordinatar: 56°09′N 5°34′W