Loch Shiel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Loch Shiel
Loch Shiel - Loch Shiel og Glenfinnan monument
Loch Shiel og Glenfinnan monument
Stad Lochaber i Highland i Skottland
Koordinatar 56°47′08″N 5°35′12″WKoordinatar: 56°47′08″N 5°35′12″W
Tilsig River Finnan, Callop River, River Polloch
Utsig River Shiel
Tilsigsområde 248 km2
Tilknytte land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Største lengde 28 km
Overflateareal 19,3 km2
Middeldjupne 40,5 m
Største djupne 128 m
Vassvolum 0,8 km³
Hydraulisk opphaldstid 1,37 år
Høgd over havet 4,5 moh
Busetnadar Glenfinnan, Ardshealach, Acharacle

Loch Shiel (skotsk-gælisk Loch Seile) er ein 19,3 km² stor innsjø 20 km vest for Fort William i Lochaber i Highland i Skottland. Han er 120 meter djup. Det djupaste området ligg i nordaust, omslutta av høge fjell, medan han er meir myrlendt og grunn i sørvest. Frå sørvest renn elva River Shiel ut i sjøen ved Loch Moidart nær Castle Tioram.

Loch Shiel må ikkje forvekslast med Glen Shiel, 40 km leger nord i Skye and Lochalsh, der ein finn den lengre River Shiel og ein mykje mindre Loch Shiel.

Området er forholdsvis skogkledd samanlikna med mange andre område i Highland, så breidda av innsjøen har derfor status som særskild verneområde.

Somme av scenane i Harry Potter og fangen fra Azkaban var filma i Loch Shiel.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ruinane av eit kapell står på den største øya i innsjøen, og det vert sagt at det var den første heimen til St. Finan, ein av lærarane til St. Columba. Acharacle, sør i innsjøen, var åstad for eit slag i 1140, leia av Somerled der han slo nordmennene og grunnla dynastiet Lord of the Isles.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]