Highland
| The Highland Council Sgire Comhairle na Gàidhealtachd |
|
|---|---|
![]() |
|
| Geografi | |
| Areal |
30 659 km² |
| Administrasjonsstad |
Inverness |
| Demografi | |
| Folketal - Totalt (2008) - Folketettleik |
219 400 7,2 /km² |
Highland (Sgìre Comhairle na Gàidhealtachd på skotsk-gælisk) er ein region i Skottland i Dei skotske høglanda og det største adminsitrative området i både Skottland og heile Storbritannia. Det grensar til regionane Moray, Aberdeenshire, Perth and Kinross og Argyll and Bute. Desse grenseregionane, samt Angus og Stirling har og område i Dei skotske høglanda. Highland omfattar det meste av fastlandet og delane av Dei indre Hebridane som tidlegare låg i grevskapa Inverness-shire og Ross and Cromarty, heile Sutherland, Caithness og Nairnshire og mindre delar av Argyll og Moray.
Området vart skipa som ein todelt region i 1975 inndelt i distrikt. I 1996 vart distrikta avskaffa og funksjonane deira vart flytta til regionsrådet.
Adminsitrasjonsbyen er Inverness.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Highland (council area)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2009.
