Looe Island

Koordinatar: 50°20′12″N 4°27′07″W / 50.33664°N 4.45205°W / 50.33664; -4.45205
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Looe Island.

Looe Island, eller St George's Island og tidlegare St Michael's Island, er ei lita øy like utanfor byen Looe i Cornwall i England.

I følgje ei lokal segn kom Josef frå Arimatea i land her med Jesusbornet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Folk har kome til øya sidan jernalderen. Ein har funne spor etter tidlege busetnader, mellom anna bitar av romerske amforaer og steinanker.[1]. I mellomalderen vart det eit kapell og bustader her.

Seint i mellomalderen kom øya under Glastonbury abbedi. Det var ho fram til klostera vart nedlagde i 1536 og eigedomane kom under krona. På 1600- og 1700-talet vart øya nytta av smuglarar som prøvde å unngå tollskipa til styresmaktene i Plymouth og Falmouth. På 1900-talet var øya eigd og busett av to systrer, Babs og Evelyn Atkins, som skreiv to bøker om livet på øya. Då Babs døydde i 2004 vart øya testamentert til Cornwall Wildlife Trust.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya har status som særleg vakkert naturområde og er eit fuglereservat. Ho er 91 hektar stor og har ein omkrins på kring 1,5 km. Det høgaste punktet på øya er 47 meter over havet. Øya er normalt tilgjengeleg med båt, men det går an å gå til øya ved fjøre.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

50°20′12″N 4°27′07″W / 50.33664°N 4.45205°W / 50.33664; -4.45205