Lorentzkraft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lorentzkrafta er den krafta som verkar på ein elektrisk ladning som rører seg i eit magnetfelt. Lorentzkrafta kan uttrykkjast ved

\mathbf{F} = q[\mathbf{E} + (\mathbf{v} \times \mathbf{B})]

der q er storleiken av ladninga, v er farten, B den magnetiske flukstettleiken og E er det elektriske feltet.

Krafta er retta vinkelrett på rørsleretninga og feltretninga. Lorentzkrafta kan ikkje forandre storleiken av ein banefarten til ein partikkel, men vil gje forandring i rørsleretninga, og vil t.d. føre til at ein ladd partikkel i eit homogent magnetfelt vil røre seg i ein sirkelbane eller langs ei skruelinje. Lorentzkrafta har stor tyding for rørsla av partiklar i sykliske akseleratorar, t.d. syklotronar, for massespektrometer, for elektronrørsla i visse elektronrøyr, for partiklar i kosmisk stråling når dei trengjer inn i magnetfeltet til jorda og meir.

Krafta er kalla opp etter den nederlandske fysikaren Hendrik Lorentz.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

lorentzkraften. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/lorentzkraften