Lough Corrib
| Lough Corrib | |
|---|---|
|
|
|
| Stad | County Longford |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Type innsjø | Lough |
| Utsig | Corrib |
| Tilknytte land | |
| Overflateareal | 200 km² |
Lough Corrib (Loch Coirib på irsk) er ein innsjø (på engelsk lough) vest i Republikken Irland. Elva Corrib/Galway renn frå innsjøen til havet ved Galway Bay. Innsjøen er den største i Republikken Irland og den nest største på heile Irland etter Lough Neagh med eit areal på 200 km².
Namnet Loch Coirib er ei forvrenging av Loch nOirbsean, som er kalla opp etter den mytologiske figuren Orbsen Mac Alloid (ofte kalla Manannán Mac Lir, «Havet sin son», som Isle of Man er kalla opp etter.)
Sir William Wilde skreiv ei bok om innsjøen som først kom ut i 1867.
Den første kanalen i Irland vart grave ut på 1100-talet. Han vart kalla The Friar's Cut (Munkepassasjen) og gjorde at båtar kunne gå frå Lough Corrib til sjøen ved Galway.
Lough Corrib er ein av turistattraksjonane i Irland og trekk til seg mange fiskarar. Tidleg i 2007 vart det derimot påvist store mengder av urdyrparasitten Cryptosporidium, som førte til forureining av drikkevatnet i Galway city og ei utbrot av cryptosporidiosis.
Sjå òg [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lough Corrib frå Engelsk Wikipedia .